Til innhold
kontakt | utskrift | nettstedskart | søk:
 
| english

fakta om lodde

Lodde (Mallotus villosus), capelin (eng.), capelan atlantique (fr.), lode (tysk), capelán (sp.), moiva (ru.).

Utbreiing og biologi

Lodda er ein liten laksefisk med utbreiing i dei polare stroka på den nordlege halvkula. Det er ein underart i Atlanterhavet og ein annan i Stillehavet. ”Verdas største loddebestand” finn vi i Barentshavet, sjølv om storleiken på bestanden har variert mykje dei siste 30 åra, frå nokre få hundre tusen tonn til 7-8 millionar tonn. Det finst ein annan loddebestand i området Island-Vestgrønland-Jan Mayen. Lodda er ein typisk pelagisk stimfisk som lever av planktonorganismar. Ho er i hovudsak eingongsgytar, dvs at det meste av lodda dør like etter gyting. Lodda er ein særs viktig lekk i økosystema der ho lever, ved at ho er ein viktig fôrfisk for andre fiskar, sjøpattedyr og sjøfugl. Begge bestandane i Nordaust-Atlanteren gir òg i periodar stort utbyte i fiskeria.


Loddas utbreiing

Gyteområde

Lodda i Barentshavet gyter langs kysten av Troms, Finnmark og Kola i mars. Det føregår også ein del gyting seinare på året, såkalla sommargyting, då helst i Austfinnmark og austetter på russisk side av grensa. Lodda ved Island gyter ved kysten av sør- og vest-Island. Medan fleire andre loddebestandar gyter heilt oppe i flomålet på strendene, gyter begge desse bestandane på djup frå 10-60m. Egga vert gytte ved sandbotnen, og limt fast til sandkorna i tida fram til klekking.

Oppvekstområde, beiteområde, overvintringsområde og vandringsmønster

Loddelarvane vert transporterte med havstraumane frå gytefelta til dei sørlege og austlege delane av Barentshavet, og i både første og andre leveåret står dei lengre sør i havet enn dei eldre lodda. Om sommaren vandrar lodda nord og austetter i Barentshavet etter som isen trekkjer seg attende nordover, og beitar i desse planktonrike områda utetter hausten. Seinhaustes trekkjer dei søretter og overvintrar sør for polarfronten og iskanten. Dei modnande individa byrjar vandre mot kysten for å gyte i januar-februar.

Ved Island vert larvane transporterte med straumen langs vestkysten til nordkysten av Island, der også overvintringsområda er. Om sommaren trekkjer lodda nordover mot Jan Mayen for å beite i dei planktonrike områda langs polarfronten.

Særtrekk

Lodda er ein typisk pelagisk stimfisk. Ho er mørk på ryggen og lys under, noko som gjer ho vanskeleg å sjå for rovdyr, enten dei kjem ovanfrå (fugl, sel, kval) eller frå undersida (fisk, kval). Lodda har stor munn og vel utvikla gjellegitter, og kan difor beite effektivt på planktonorganismar som hoppekreps, krill og marflo. Lodda har ein karakteristisk gytedrakt om våren. Hannfisken får då hårete utvekstar langs sidelina (som har gjeve lodda både sitt vitskaplege og norske namn) og ein sterkt forstørra og svartfarga gattfinne. Hofisken får ingen særskilt gytedrakt. I Nordvest-Atlanteren kan lodda ikkje forvekslast med andre arter, det måtte einaste vera sil, som liknar litt i kroppsform, men har eit mykje spissare hovudparti.

Alder ved kjønnsmodning

Lodda veks relativt fort og når i løpet av 3-4 år 14-18 cm. Hannane veks noko fortare enn hofisken, og vert litt lengre. Dei individa som når om lag 14 cm i løpet av hausten, byrjar modnast og gyter komande vår.

Forvaltningsstrategier

Bestandsberekninga for lodde vert gjort ved hjelp av akustikk. Sidan lodda for det meste dør etter gyting, bestemmer ein først kor stor gytebestanden minst bør vera for å skapa ei god rekruttering, og så gir ein høve til å fiske ”overskotet” i perioden før gytinga. Lodda i Barentshavet vert målt om hausten, og ein reknar så på kor mykje bestanden vil minke av naturlege årsaker i tida fram til gytinga. I dette reknestykket vert det teke omsyn til kor mykje det finst av torsk, som er den viktigaste beitaren på lodde, og kor mykje denne torsken vil setje til livs av lodde gjennom vinteren. Denne modellen tek omsyn til uvisse både i bestandsmålinga og i dei andre modellerte storleikane, og rådet om forvalting vert gjeve ut frå at ein skal vera 95% sikre på at gytebestanden vil vera større enn den nedre grensa som er sett. Lodda ved Island vert forvalta på ein litt annan måte; her er det mulig å måle gytebestanden akustisk under gytevandringa, og kvoten vert sett ut frå denne målinga og ein minste akseptable gytebestand.

Beskatning

Både det norske og det russiske fisket etter lodda i Barentshavet har ein lang historie. Før tidlig på 1900-talet vart lodda fiska med strandnøter og brukt til agn, gjødsel og dyrefôr. I 30-åra vart fisket til industrielle formål viktigare, men det var først etter bestandssamanbrotet av Norsk vårgytande sild i 50-60 årene at loddefisket verkeleg skaut fart, då snurpeflåten gjekk over frå å fiske sild til å fiske lodde. Før 1968 føregjekk loddefisket om vinteren når lodda kom til lands for å gyte, men frå dette året utvikla det seg eit fiske også om sommaren. I 70-åra var loddefisket svært viktig, og i 1977 vart det landa nesten 3 millionar tonn lodde. Seinare har to bestandssamanbrot ført til store vekslingar iFiske i kommersiell målestokk etter bestanden ved Island kom i gang i 1970-åra, og har halde seg jamt på mellom ein halv og ein million tonn sidan.


Lodda i Barentshavet. Utvikling i totalbestand (heile søyler), og modnende bestand (kvit del av søyler) om høsten, og årleg totalfangst 1973-2001 (svart line).

Fangstmetodar

Fisket etter lodde føregår med snurpenot og pelagisk trål.

Forsking ved Havforskingsinstituttet

Kartlegginga av lodda starta opp i 1960-åra, og innsatsen auka monaleg i byrjinga av 1970-åra, då ekkointegratoren kom i bruk. Frå den tida har HI gjennomført årvisse kartleggingar av mengde og utbreiing av lodda i Barentshavet, frå ca 1980 i samarbeid med det russiske havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk. I periodar har det vore fleire undersøkingar pr år; om vinteren, under gyteinnsiget, på gytefelta, på larvane i juni og august, i tillegg til det viktigaste toktet i september-oktober, som har gått i heile perioden frå 1971. Det er publisert mange arbeid på lodde, og minst eit doktorgradsarbeid har hovudsakleg basert seg på denne bestanden.

HI har i mindre grad delteke i forskinga på bestanden ved Island-Austgrønland-Jan Mayen.

les mer

Lodda i Barentshavet – nede, ja, men nedfiska?
Kronikk 13.11.03

Lodda i Barentshavet - nede for teljing
Kronikk 10.10.03

bilder

fish-view.imr.no

forskningsgruppe

Fiskebestander og økosystem - Barentshavet

kontaktperson

Harald Gjøsæter