Til innhold
kontakt | utskrift | nettstedskart | søk:
 
| english

fakta om plankton:

Ordet plankton kjem frå gresk og tyder ”det som svever”.

Plankton er ei fellesnemning for eit utal ulike organismar i ulike storleikar som lever i opne vatnmassar, både små dyr og eincella organismar med evne til fotosyntese. Dei har til felles at dei har lita eller inga symjeevne og difor let seg drive med straum og bølgjer. Plankton finst både i ferskvatn og i saltvatn. Dei minste planktona kan berre sjåast i mikroskop.

Det er to hovudgrupper av plankton: planteplankton og dyreplankton. Planteplankton har fotosyntese og tyder det same i økosystemet i vatnet som grøne vekstar gjer på land. Planktonalgane er mat for dyreplankton som igjen er mat for fiskelarvar. Difor er planktonalgar svært viktige for fiskebestandane våre.

Dyreplankton omfattar mange dyr frå høgst ulike dyregrupper. Dyreplankton lever av planktonalgar, bakteriar, partiklar av daudt, organisk materiale eller anna dyreplankton. Dyreplankton omfattar både dyr som er plankton heile sitt liv og dyr som berre er plankton på larvestadiet. Til dømes har mange fiskeartar og bunndyr larvar som er planktoniske. Sjølv om mange av artane kan symje til ein viss grad, kan dei ikkje flytte seg mot ei vedvarande straumretning. Krepsdyr er den viktigaste dyregruppa av dyreplankton.

Eigentleg er den tradisjonelle næringspyramiden svært forenkla. Det er ikkje så enkelt som at dyreplankton et planteplankton, og fisk et dyreplankton. Det heile er eit mangfald av beitarar, der ei skjematisk framstilling vil sjå ut som eit nettverk av pilar på kryss og tvers.

Planktonforsking på Havforskingsinstituttet:
Plankton er mat for pelagisk fisk og for larvar og yngel av fisk. På Havforskingsinstituttet er forskarane hovudsakeleg opptekne av plankton som har innverknad på dei kommersielle fiskeartane.

Forenkla næringskjede for dei viktigaste artane i Barentshavet (klikk for større bilete):

 

les mer

Små, men makelause
20.02.2004

 Økosystembasert forvaltning 

 Økosystemet i Barentshavet 

 Plankton i Barentshavet 

 Fôrmangel truer veksten i fiskeoppdrett. Kan høsting av plankton løse problemet? 

 Havklima og raudåte - to sentrale faktorer for produksjonen av fisk i
Nordatlanteren
 

kontaktpersoner

Webjørn Melle
Arne Hassel
Bjørnar Ellertsen

Havforskningsinstituttet
Postboks 1870 Nordnes, 5817 Bergen
Tlf.: 55 23 85 00, Faks: 55 23 85 31
E-post: post@imr.no