Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 1. mai 2002, nr. 13 - 57. årgang

Mørkeblå valsiger i Frankrike

I løpet av dei siste to vekene har det vore enda ein mørkeblå, eventuelt grumsebrun, siger i det politiske Europa. At Le Pen er komme vidare til andre omgang i presidentvalet i Frankrike fortsetter trenden Jörg Haider i Austerrike, Silvio Berlusconi i Italia, Pia Kjærsgaard i Danmark og Carl I. Hagen her heime allereie har sett i gang.

Det er mange grunnar til at ein ekstremist som Le Pen er komme så langt som han er. Andelen stemmer han har fått har ikkje auka dramatisk - han har i lang tid hatt ei oppslutning over 15 prosent. Snarare er det fraksjoneringa av venstresida, dei ekstremt mange kandidatane og katastrofevalet til statsminister Jospin som har gjort at Le Pen er vidare i andre valomgang. Det vert også hevda at president Chirac og Jospin er blitt svært like i sin politikk, og at veljarane har hatt vanskar med å sjå ei klar venstreside i opposisjon til ei høgreside.

Den viktigaste grunnen for Le Pens «siger» er likevel at valkampen i Frankrike kom til å dreie seg om innvandring, kriminalitet og tryggleik. Innvandring og kriminalitet er viktige politiske tema som ikkje må teiast i hjel i frykt for politisk ukorrektleik, men ein må vakte seg for å sette likskapsteikn mellom dei to. Integreringspolitikken i Frankrike har slått fullstendig feil. Eg har sjølv budd i ein av Frankrikes forstadar, og har følt problema på kroppen. Det er forståeleg at det franske folk er frustrerte, men med Le Pens rasisme og antisemittisme kjem ein ingen veg. Det blir for enkle svar på svært komplekse spørsmål.

Desse enkle løysingane syns eg å skimte meir og meir tydeleg også innan norsk politikk. Ei rekke norske politikarar, med justisminister Odd Einar Dørum i spissen, ser ut til å ville skaffe seg kjappe stemmer ved å appellere til framandfrykt i forbinding med t.d «Fadime-saka» i Sverige og knivdrapa i Moss. Dette må ein vakte seg vel for. Den mørkeblå/grumsebrune tendensen i Europa, sist representert ved Le Pen, er eit faresignal. Det luktar intoleranse og anti-demokrati. Vi treng ein open debatt omkring dette også i Noreg, om vi i framtida skal kunne leve i eit multietnisk, multireligiøst og multikulturelt Europa.

Linda Nødseth
Er tilknytta Studvest sin nyhenderedaksjon
01.05.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18