 |
UT MED KLEPPE. I vel ti minutt likna debatten i
Teglverket meir på Alta-aksjonen enn ein intellektuell
debatt.
|
Med Vidar Kleppe på gjestelista inviterte
Aktive Studenters Forening (ASF) til Antirasistisk dag i
Teglverket forrige fredag. Slikt blir det bråk av i Bergen.
Då arrangementet starta, troppa ein skare på fem til ti
personar frå Bergen Antirasistiske Front opp og okkuperte
debattpanelet. Med slagorda «Kleppe må gå!» og «Rasisme
kan dra til helvete!» inntok demontsrantane podiet. Som
ein Alta-aksjon vart aksjonistane ståande mellom debattantane
og publikum, og det vart eit livleg munnhoggeri mellom arrangør
og okkupantar.
Mislukka aksjon
Demonstrantane hevda dei ikkje fekk delta i debatten,
noko arrangøren avviste blankt. Då dei, for å roe gemyttane,
igjen vart invitert til å delta i debatten, takka dei likevel
nei. Ordstyraren spurde publikum om dei ønska å høre på
Kleppe, og fekk overveldande respons. Etter ti minutt var
seansen over, og demonstrantane vart geleida bort av vaktene.
– Det som overraska mest var kor lite flinke antirasistane
var til å svare for seg, kommenterte ein mannleg publikummar
til Studvest etter aksjonen. Fleire i publikum ga uttrykk
for det same.
| |
DAGENS SITAT
|
-Hadde eg styrt Norge, da skulle alt blitt
bra!
Vidar Kleppe
|
|
TV- ansikt
51 betalande kom for å høyre dei kjende TV-fjesa Vidar
Kleppe og Abid Q. Raja. Raja er kjent som talsmann for World
Islamic Mission, og er rådgjevar for justisminister Odd
Einar Dørum. Forutan Kleppe og Raja deltok Harald Hove (Unge
Høgre), Samba Njie (Det Felles Innvandrerråd) og Saynab
Muhamud. Sistnemnde er somalisk flyktning, og har via mykje
av tida si på å tale muslimske ungdommar si sak. Ho er av
mange samanlikna med ikkje ukjende Kadra.
Lite konstruktivt
Tema for kvelden var «Er rasismen i Noreg gjensidig?»,
men sjølve debatten baud ikkje på dei store overraskingane.
Det heile utvikla seg til å bli ei skitkasting mellom Kleppe
og Raja. Usaklegheitene kom på strak arm, og kveldens ordstyrar,
Jo Raknes, hadde til tider liten kontroll. Raknes lukkast
heller ikkje med å halde det opprinnelege temaet inne i
debatten. Dette resulterte i at debatten dreidde seg meir
om kva grupper ein skal gje opphaldsløyve til. Ikkje kva
ein skal gjere for å inkludere nye landsmenn i samfunnet.
Tek seg ikkje nær av sjikane
–Dette er eg vand med, var svaret frå Kleppe då vi etter
endt debatt spurde korleis han oppfatta aksjonen frå Antirasistisk
Front. Han nølte ikkje med å bruke ord som ramp om demonstrantane.
Den gamle ringreven med åtte år på Stortinget ville helst
snakke om sitt nye parti, og la ikkje skjul på at han allereie
har starta valkampen - eitt år før dei andre. Då vi spurde
om ikkje partiet eigentleg burde ha kalla seg republikanarane,
kom svaret kjapt:
– Vi meiner namnet er godt dekkjande. Politisk vil Demokratene
ligge til venstre for FrP, og vi har allereie 100 representantar
rundt om i by-, kommune- og fylkesting, avslutta ein optimistisk
Vidar Kleppe.
– Barnsleg og slett ikkje uventa, var kommentaren frå daghavande
i ASF, Geir Lorvik, om aksjonen til Bergen Antirasistisk
Front. Han var elles godt nøgd med arrangementet.