Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 1. mai 2002, nr. 13 - 57. årgang

Store skadar etter tabbeflaum

Eksamensfilmar og utstyr for rundt 1,4 millionar kroner kan vere øydelagt etter ein stor vasslekkasje i forrige veke. Månader av TV-studentane sin produksjon kan vere tapt.

Tekst: Grunde Grimstad
Foto: Åsta Ytre

Torsdag i lunsjtida fløymde rundt 30.000 liter vatn brått inn i eit av redigeringsromma til TV-faget, som ligg i kjellaren på SV-bygget. Vatnet kom frå det gamle BT-bygget der hovudentrepenør Selmer skulle prøvekøyre nokre vassrøyr. Overingeniør Terje Thue fortel at studentar og ansette som var til stades i rommet fekk slått av det elektroniske utstyret, og fekk redda nesten alle dei uerstattelege råfilmane frå vatnet. Materialet som låg på datamaskinene er det ingen som førebels veit noko om. Alle datamaskinene vert no sendt til eit spesialfirma i Oslo, for å prøve å redde mest mogeleg av det som ligg på harddiskane.

Skulle til festivalen i Grimstad
Materialet som kan vere tapt er eksamensfilmar for grunnfag og mastergradsstudentar, samt filmar som skulle til Kortfilmfestivalen i Grimstad. Juan Pacin og Ingse B. Sæthre er begge mastergradsstudentar, og veit ikkje korleis det har gått med materialet deira. Ingse sin film skulle til Kortfilmfestivalen, og mangla berre lydsporet. No må ho kanskje gjere om att to veker med arbeid. Juan var i redigeringsromet då vatnet kom fløymande. -Det rann frå veggar og tak, og snarrådige lærarar er å takke for at vi fekk redda så mykje av materialet som vi gjorde, seier han. Førsteamanuensis ved institutt for medievitskap, Katherine Goodnow, seier at ingen enno veit kven som er hardast råka. Filmane som kan vere tapt er prosjekt som studentane har jobba med i eit år. - For mange studentar kan ek-samen verte mykje forseinka, med dei konsekvensane det igjen har for vidare søking til andre studier. Nokre av dei utanlandske mastergradsstudentane må dessutan snart reise frå landet, seier ho. For dei som skal søke doktorgradsstudium er søknadsfristen 11. juni.

 
JOBBAR PÅ SPRENG.
- For mange studentar kan eksamen verte mykje forseinka, med dei konsekvensane det igjen har for vidare søking til andre studium, seier førsteamanuensis Katherine Goodnow.

Mellombels redigeringslokale
Katherine Goodnow fortel at dei har fått tak i mellombels lokale til redigering. For å erstatte ein del av utstyret har dei også kjøpt noko nytt redigeringsutstyr og gjort nokre investeringar som dei eigentleg ikkje skulle gjere før til hausten. Men ei fullgod erstatning er det ikkje. - Sidan det skjedde har vi stort sett jobba på spreng med å tilrettelegge for studentane og berge mest mogeleg av utstyret. TV-faget har før vore i vinden fordi det var på grensa til å verte nedlagt i fjor, då dei ikkje fekk løyvingar. Men desse skadene får truleg ikkje konsekvensar for den vidare drifta av faget.


28 mm «nedbør» på ti minutt

Ein tabbe under ombygging av det gamle bygget til BT er årsaka til vasslekkasjen. Entreprenøren Selmer kan ha ansvaret.

 
28 MILLIMETER. Brevhaldarane på veggen i kjellaren på SV-bygget blei grundig vassfyllt under lekkasjen.

Overingeniør Terje Thue har rekna ut at redigeringsrommet til fjernsynsproduksjon må ha hatt ei nedbørsmengde som tilsvarar 28 millimeter nedbør på ti minutt.
Då Selmer, som er hovudentreprenør i BT-bygget, skulle prøvekøyre eit nytt røyr-opplegg var det ei kran som ikkje var stengt. Korleis vatnet har funne vegen inn i SV-bygget er det ingen som heilt veit, men dei to bygga ligg tildels innfløkt i kvarandre.
- Vi har lagt opp kilometervis med nye røyr i bygget. Uhell som dette kan skje, det er difor vi har forsikring, seier prosjektansvarleg Arve Sande i Selmer Skanska. Han seier at BT-bygget har fått minimale skader etter uhellet. Forsikringsselskapet IF held no på å finne ut kven som har skulda for uhellet. Sannsynlegvis fell ansvaret på Selmer, men dersom Universitetet får skulda er dei ikkje forsikra.

01.05.02

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18