«Dop, dop!»
«Rikets tilstand» har aldri teke dette med kjeldegransking
så veldig nøye. Dersom dei berre hadde hatt vet til å halde
seg unna den heilage kua i samfunnet, så hadde Gerhard framleis
vore kongen av dokumentar-Noreg.
Journalistar veit at publikum har krav på eit balansert og
sannferdig referat av sakene. Berre så synd då at balanserte
saker ofte er mykje mindre spanande. Alle veit at det som
sel best er enkelt oppbygde historier i klare fargar, tydelege
skurkar og heltar, og små menneske som vinn over overmakta.
Alle vil gjerne grave fram slike oppsiktsvekkande historier,
men å bli ferska i dårleg kjeldegransking og feilopplysing
kan bety døden for ein nyhendejournalist.
Men slik er det ikkje ved ein redigeringspult i TV2. Der
veit ein at dersom kartet ikkje stemmer med terrenget, så
treng ikkje det vere eit problem. Førre veke, då «Rikets tilstand»
«avslørte» dopskandalene under OL, var det ikkje første gongen
dei rævkøyrer uskuldige menneske på indisiar, og opptrer som
samtlege statsmakter på ein gong: lovgjevande, utøvande og
dømmande. Men det er no ein gong slik at dei mest sexy sakene
gjev flest reklamekroner i kassa til Kåre Valebrokk. Og Kåre
likar pengar, så han er frekk nok til å stille opp på skjermen,
og seie at vi trass i denne saka, ikkje må gløyme Gerhard
Helskog og co sine mange glitrande journalistiske prestasjonar
tidlegare. Eg kan ikkje kome på ein einaste! Den famøse Kadra-dokumentaren,
til dømes, hausta mykje ros. Men det vi ikkje fekk sjå i programmet
var alle dei modifiserande utsegn frå imamen Ebrahim Saidy,
der han gir uttrykk for at han også er skeptisk til omskjering.
Men er det nokon som løftar på augebryna over ein fyr som
seier at han er litt for og litt mot omskjering?
Mange er dei som før har vorte behandla blodig urettferdig
av «Rikets tilstand». Men så lenge fleirtalet av sjåarane
ikkje bryr seg er det lite ein får til, og dette veit Helskog
veldig godt. Dette er den vesle mannen si avmakt. Men så,
i ein umerksam augneblink gløymde Helskog sine lakeiar denne
viktige funksjonen, og kom til å trakke på noko som folk faktisk
bryr seg om – sport.
Kjem vi til å hugse denne saka om eit år? Neppe! For no er
Idrettspresident Bjørge Stensbøl forsona med Kåre Valebrokk,
og Bjørn Dæhlie seier til BT at han ikkje lenger utelukkar
fleire «Gutta på tur». Og då er vel alt greit igjen?
Grunde Grimstad
Påtroppande ansvarleg redaktør i Studvest
27.11.02
|