– SiB spelar russisk rulett med bebuarane,
seier Asser H. Dale i Brannvesenet. Dei nye vindauga, som
SiB sette inn i fleire hus i sommar, er så små at bebuarane
ikkje kan kome ut av dei om husa skulle brenne. Samskipnaden
bryt heilt klart brannføreskriftene. Fleire av bebuarane
er bekymra for tryggleiken: – Vi kontakta SiB i august etter
at dei hadde bytta ut vindauga i fire bustader. Dei stoppa
arbeidet, men har ikkje gjort noko sidan, seier Henrik Espedal,
dugnadssjef på Nattland Studentby. Han har kontakta SiB
fleire gongar og informert dei om at vindauga bryt brannføreskriftene.
Bustaddirektør Ivar Henriksen i SiB hevdar han ikkje har
hørt at dei nye vindaga er ulovlege. Brannvesenet er ikkje
nøgd og meiner det må gjerast noko fort.
les
meir
nyhende
Då Lars møtte Mats
 |
Foto: Henrik O. Jenssen
|
Vi skulle møte sjølvaste deLillos på lydprøve i Teglverket.
Der fann vi også Mats Davidsen (15), ein dedikert fan med
29 uslåelege spørsmål på blokka og ambisjonar om å skrive
tidenes skuleoppgåve. Pinlege intervjusituasjonar, slitne
musikarar og den sterke lukta av lim er berre noko av det
vi hugsar best frå fredag kveld.
midten