«Utvid rutetilbodet til HSD!»
Eg kjem ikkje frå Bergen
Nei, bygda er min heim
Og lukta i frå Fisketorget
Er for meg ein ekkel eim
Men når eg no skal reisa
Så vert eg rasande
Dei har kutta i rutene til HSD!
Og prisen den er dobla
Kva trur dei at eg er!?!
Ein son av NHH eller BI-millionær?
Om dei kuttar meire no
så vert eg cand.reaksjonær
og Bygdeungdomslaget vert min hær!
Dei regjerer som dei vil
Kva eg syns det drit dei i
Er det rart eg stemmer
Det Politiske Parti?
No har eg haika med
ein kompis
i mange, lange månar’
Ynskjer dei verkeleg
at eg skal bli rånar?