Studvest
er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen, Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 12. mars 2003, nr. 8 - 58. årgang
Er du forsikra?
Dyr erfaring: Tinga på hybelen din er ikkje nødvendigvis
forsikra gjennom foreldra dine si innboforsikring. Det kjem
an på kva for forsikringsselskap dei brukar. Mista alt: – Eg trudde ikkje dette kunne skje meg,
seier Insa Müller. Ho budde i kvartalet som brann ned til
grunnen i Trondheim, men hadde ikkje forsikring.
les
meir
nyhende
Spillgale Gabriel
– Nei, det er i grunnen håplaust. Jo meir
eg fortel om musikken vår på telefon, desto verre høyrest
det ut. Hahaha. Kven vil gå å høyre på noko sånt da? Eg
ville vore skeptisk sjølv eg. Trekkspelaren Gabriel Fliflet
freistar å beskrive musikken sin og kor vanskeleg det er
å få spelejobb hjå folk som aldri har høyrt han i levande
live. Han er kanskje mest kjent frå bergensduoen Fliflet/Hamre,
men virtuosen har ei rekkje andre prosjekt på gang, mellom
anna Folkemusikklubben Columbi Egg i Bergen.
midten
Underskrifter mot bachelor Våren 2003 er siste frist for å verte ferdig med
cand.mag. Etter dette blir ein bachelor, sjølv om Kvalitetsreformen
ikkje er innført.
– Studentane som blir bachelor med to grunnfag og eit
mellomfag, vert ein slags «bachelor-light», sidan dei
ikkje får nytte av fordelane med Kvalitetsreformen,
seier Kristen Hagen, ein av inititativtakarane som står
bak ein underskriftskampanje for å få overgangsordningar.
les
meir
nyhende
Medisin flyttar Flyttesjauen frå preklinisk institutt til det nye
Bygg for Biologiske Basalfag (biletet) er i gong. Studentane
ser fram til å få nye lokaler.
les
meir
nyhende
Rock på russisk Dei har vore innlagde på sinnsjukehus, sensurert
og støtta av staten. Russiske rockarar har gjennomgått
mykje. Yngvar Steinholt skriv doktoravhandling om temaet.