Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 12. mars 2003, nr. 8 - 58. årgang

Dess fleire strutsar,
dess meir sand

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør

Det var eigentleg to ting eg hadde lova meg sjølv aldri å gjere på leiarplass, fordi det er så gudsjammerleg kjedeleg og oppatt togge. Det eine var å hetse KrF, det andre var å bruke uttrykk av typen: «No må politikarane snart gjere noko...» Det er med sorg å melde at eg her kjem til å bryte begge desse gode forsetta. Sist veke blomstra debatten om sprøyterom for byens narkomane opp att, etter at Studvest gjorde sak på tilhøva på Studentsenteret. Overdoser og avstengde toalettbåsar med blodsøl er kvardagen der.

Tanken bak offentlege sprøyterom er at dei narkomane skal sleppe å setje sine skudd i full offentlegheit, og utan å døy av overdose, fryse ihel eller vere ein trussel for sine omgjevnadar. Eit sprøyterom må sjølvsagt setjast i samband med andre tiltak, og vere eit samarbeid med politi og fengselsvesen. Det var akkurat det dei gjorde i Frankfurt rundt byrjinga av 90-talet. Då døydde det like mange av overdoser der som det gjer i Oslo i dag, og politikarane bestemte seg for at nok fekk vere nok. Effekta av tiltaka var at talet på dødsfall gjekk mot marka som ein stein.

Her til lands hadde vi i fjor 338 overdosedødsfall, og Noregs narkotikaproblem er i dag så stort at det vekkjer oppsikt i utanlandsk media. Likevel, Bystyret i Bergen har bestemt seg for at sprøyterom skal vi ikkje ha. Sjølv om vi gjerne skulle unngå det også, er det vanskeleg å late vere å nytte floskelen strutsementalitet . Som kjent består denne i å stikke hovudet i myra, og tru at problemet er borte når ein ikkje ser det lenger. Kanskje vil nokon kritisere den tabloide biletbruken på framsida av førre utgåve av Studvest. Vårt forsvar er at denne saka fortener all den publisiteten ho kan få. Det sit nemleg ei rekkje menneske rundt omkring i denne byen som helst ser at problemet enno ein gong vert kosta under teppet, slik det har vorte gjort når sprøyterom tidlegare har vore oppe til diskusjon. Mellom desse er KrF si bystyregruppe, som kategorisk motset seg eit offentleg sprøyterom. Grunngjevingane er at det kan føre til sniklegalisering og ha ei uheldig signaleffekt. - Kan vi be om å få vite kva signaleffekt dette skulle vere? Trur dei kanskje at ungdomen gjeng rundt og tenkjer: Den som berre hadde hatt eit sprøyterom, då skulle vi jammen prøvd denne narkotikaen som bystyret snakkar så varmt om. Hvis vi ikkje likar det, kan vi jo berre slutte. Hvis det er tilfelle har vi sørgelege nyhende til dykk: Våre medmenneske i Nygårdsparken, og andre aktuelle brukarar av eit sprøyterom, har forlengst passert stadiet der ei signaleffekt frå bystyret betyr noko som helst.

Dette er ikkje snakk om ei slags skulefritidsordning for narkomane. Her handlar det om å redde liv. Og det plar vanlegvis vere eit mål som er godt nok til å heilage dei fleste middel (med mindre det då gjeld annanrangs menneske). Dei narkomane, som sjeldan er innom lobbyane rundt bystyresalen, er også menneske. Dei likar ikkje å la ein fireåring sjå dei stikke sprøyter i arma i full offentlegheit. Og å få hjartekompressjon medan ein ligg i andre folks urin og blodrestar på eit offentleg toalettgolv, bidreg heller ikkje til auka sjølvkjensle. Men inntil vidare er det Universitetet som, ufrivillig, ubetalt og ukvalifisert, må ta på seg å drive sprøyterom for byen.

Heldigvis har Gud valt seg ut andre folk enn KrF si bystyregruppe som reiskap når han vil redde livet til narkotikamissbrukarane i byen. Den oppgåva har han gitt til dei ansette på Studentsenteret og tilfeldige forbipasserande, som ikkje kan late vere å bry seg om sine medmenneske.

12.03.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18