Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 12. mars 2003, nr. 8 - 58. årgang

Hyttekø

– Kvifor i alle dagar ligg de her?
– Vi må leige hytta til SiB.
– Åå. Vi trudde kanskje at det skulle vere Kiss-konsert eller noko.

Friluft. Stefan Ivars, Birte Haugland og Øystein Ormåsen førebur ei triveleg natt mellom søppelkasser og gamle sneipar.

Det er ein mørk og regnvåt kveld, og gradestokken nærmar seg null. Utanfor sideinngangen til Studentsenteret ligg tre soveposar, og ut av kvar sovepose stikk det ein nase. Det er tydeleg at dei har slått seg til her for natta. Nasen lengst til høgre forklarer at dei ligg her fordi SiB byrjar reserveringa av SiB-hytta på Kvamskogen i morgon. Nokon innanfor opnar litt på glidelåsen, og nasene viser seg å tilhøyre Stefan, Birte og Øystein frå Friluftsgruppa i BSI.
– Hyttereservering er vel normalt ikkje noko ein treng å ligge i kø for?
– Sei ikkje det, i fjor møtte Birte på Idrettsavdelinga klokka 07.45, og då hadde nokon allereie vore der og nigga hytta, akkurat den helga vi skulle ha den, fortel dei. Men i år skal dei vere safe. Difor har dei møtt mannsterke opp for å forsvare førsteplassen i køen når SiB-kontoret opnar i morgon. Dersom det blir nokon kø i det heile, då. Akkurat det er vel kanskje litt tvilsamt. Det er særs viktig at dei får reservert hytta akkurat denne helga, forklarer dei. Friluftsgruppa vert 15 år i år, og dei skal ha jubileumstur til Kvamskogen då. Viss ikkje kan det bli tilløp til krise.
– Det står allereie i programmet, og vi har over 30 påmelde, så datoen er ganske spikra, seier Birte. Det står ein frisk odør frå sneipekassa like ved.
– Det ser ut som det kan drive nedbør inn under taket her viss det blir litt vind.
– Vi har med oss Bamsemums og chips, så dette går nok bra.
– Ser litt tynn ut den soveposen din...
– Synes du det ja? Vel, det er ikkje akkurat Goosebay.
Vi ynskjer entusiastane ei god natt og ruslar heim. Ein kald pels av sludd har allereie byrja å legge seg på brusteinane.

Tekst: Grunde Grimstad
Foto: Erik Reitan
12.03.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18