Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 26. mars 2003, nr. 10 - 58. årgang

Sørgjeleg snill

Rollehefte ligg strødd overalt, asiatiske effektar flyt og skodespelarar kjem og går. Det nærmar seg première for Immaturus.

samfunnskritikk. Stykket «Det gode menneske fra Sezuan» vart skrive som ein kritikk mot det kapitalistiske systemet, og er like aktuelt i dag, meiner regissørane. F.v. Susanne Bugge, Mari Paus og Ingrid Gauden.

Vi er i Storelosjen på Kvarteret. Første april går teppet opp for studentteateret si storsatsing dette semesteret, «Det gode menneske fra Sezuan». Regissørane George C. Francis og Andreas S. Milde fortel at dei var nervøse på førehand. Det er eit krevjande stykke med stor rollebesetning dei har valt å setje opp. Men dei roa seg fort.
– Her er berre flinke folk. Ikkje eit einaste svakt ledd, seier dei, og annonserer ein halvtimes pause. Det har vore hektisk den siste tida.

Teater
Studentteateret Immaturus: Det Gode Menneske fra Sezuan
av Bertolt Brecht
1. april - 9. april, 19.30 Storelosjen, Det Akademiske Kvarter

Kapitalismekritikk
Stykket vart skrive av tyske Bertolt Brecht medan han var i eksil i 1942. Vi møter tre gudar som gjer jorda visitt for å finne ut om det finst verkeleg gode menneske. Om dei finn nokon kan livet på jorda få halde fram som før, viss ikkje vil det gå galt. I Sezuan møter dei prostituerte Shen Te, den einaste som vil gi dei rom for natta. I henne meiner dei å ha funne ei av dei gode. Men fattige Shen Te lurer på korleis ho kan vere god når alt er så dyrt. Det endar med at ho får pengar av gudane, og kjøper ei tobakksforretning. Og med det startar den tragiske karusellen.
– Stykket vart skrive som ein kritikk mot det kapitalistiske samfunnet, seier Milde, og trur tankane er like aktuelle i dag.
– Dess snillare du er, dess verre går det for deg, nikkar Francis.

Symjande gudar
Handlinga er lagt til Asia. Regissørane fortel at publikum vil få møte verdsdelen om lag slik ein såg på han i det viktorianske Storbritannia.
– Vi køyrer ei veldig asiatisk linje. Elles vil skodespelet veksle mellom ei naturalistisk tilnærming, og eit grotesk fysisk språk. Gudane står for det groteske. Desse er inkarnerte i avdøde menneskekroppar, og har eit underleg kroppspråk av di dei eigentleg er vane med å ta seg fram i vatn. Shen Te er den naturalistiske motvekta.
– Ho står i kontrast til dei andre karakterane med ei meir psykologisk djupne, fortel hovudrolleinnehavar og litteraturvitskapsstudent Marte Solbakken, som meiner rolla har vore ei utfordring.
– I store delar av stykket må Shen Te kle seg ut som mann. Det at det er ei dobbeltrolle gjer det både krevjande og artig å spele ho. Og så får ein slik sympati for henne!

Sett det før
«Det gode menneske fra Sezuan» var faktisk det første stykket Immaturus sette opp, i 1991. Vi spør om det er nokon særskilt grunn til at dei har valt å ta det fram att no. Francis kremtar, og vedgår at dei faktisk ikkje var klar over at stykket har vore sett opp tidlegare.
– Vi fall for den gode historia, og har gjort det på vår måte. Det vert ei høgoktansk, energisk og underhaldande framsyning, lovar han.
– Og trist, seier Shen Te alias Marte Solbakken, framleis utan premièrenervar.

Tekst: Maria Parr
Foto: Tomas Alf Larsen
26.03.03

tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3 4 5 6 7

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18