Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 26. mars 2003, nr. 10 - 58. årgang

Horoskop for norsk presse

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør

Med jamne mellomrom likar vi å skryte av at nordmenn er det mest avislesande folket i verda. Det er sikkert rett. Nordmenn konsumerer aviser som ingen andre. Og på dette grunnlaget virkar det som mange trekkjer den slutninga at vi kan klassifisere den samla befolkinga, kollektivt, under kategorien åndselite. Grunnlaget for denne deduksjonsrekkja er i beste fall svak.

Den siste tida har det kome kritikk mot norsk presse si dekking av utanriksstoff. Ein av kritikarane er Vibeke Sperring, som mellom anna har vore redaktør i den danske avisa Information, og er for tida ansett i Fritt ord sitt gjesteprofessorat ved Institutt for medier og kommuikasjon ved UiO. No sist, kritiserte ho pressa for å ikkje vere bevisste i si innhenting av kommentatorar frå midtausten. Dette traff tydelegvis eit ømt punkt hjå Dagbladet, som protesterte mot denne påstanden i ein indignert leiar førre laurdag. Under overskrifta «Professoralt tøv» freista dei å overtye oss om at dei slett ikkje er så dårlege på dekking av utanriksstoff som mange vil ha det til. Og akkurat no for tida kan ein kanskje seie at dei har sitt på det turre. Flaks for dei at denne kritikken kom akkurat no som vi har ein stor krig gåande i Irak, og alle avisene er proppfulle av Irak-stoff. Hadde det ikkje vore for den, hadde dei hatt større problem med å forsvare utanriksdekkinga si.

Eg har ei stund hatt det som ein liten hobby å bla gjennom dei store dagpresseorgana, og samanlikna mengda av storpolitikk og utanriksstoff med sport og provinsale nyhende. Resultatet er i regelen nedslåande. Ikkje sjeldan avgrensar utanriksdekkinga seg til ei side eller to med volumøse bilete, når ein ikkje tek med sportsstoff og børsnoteringar. Det står ikkje betre til når det gjeld politisk stoff. For underteikna toppa det seg to dagar etter at regjeringa Bondevik II vart innsett. VG hadde, som seg hør og bør, via midtsida si til eit gruppebilete av den nye regjeringa. Kvar statsråd hadde fått ei lita pil som førte til ei boks med litt essensiell informasjon og personalia. Denne informasjonen bestod av namn, alder og horoskopet for den komande perioden. Dei hadde ikkje ein gong teke seg bryet med å skrive på kva departement dei enkelte var statsrådar for.

Overskrifta for den informative midtsida var «Dette sier stjernene». Grunnlaget for å kalle dette for «avis», oppfattar eg stundom som sviktande. Bergens tidende er heller ikkje best i klassen. Men der, og i likesinna nyhendeorgan, orsakar dei seg med at lesarane ikkje er så interessert i utanriksstoff. Javel, betyr dette at ein ikkje skal ha det med?

Det kjem mest an på korleis ein vel å tenkje marknadsøkonomi. Ein kan anten gi lesarane det stoffet dei vil ha og som sel best, noko som i regelen fører til uforholdsmessig mykje vekebladstoff. Eller ein kan sjå på lesaren som ein kunde som betalar avisa for å gi han den informasjonen han treng om viktige tema i samtida. Med andre ord, lesaren forventar at seriøse aviser gir dei eit tverrsnitt av det dei bør vite, utan at dei må gå til innkjøp av alternativ litteratur. I så måte gjer ikkje mange aviser den jobben som lesarane har pålagt dei. Dei gir ikkje lesaren ein gong eit val om å lese det hvis han har lyst.

Manglar ein stoff, så er det berre å setje seg ned med Le Monde eller The Economist, og leite fram saksa. Vanskelgare er det ikkje i eit lite land som Noreg. Avlutningsvis vil eg difor seie dette: Skjerpings!

26.03.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18