 |
Raus. Liss Gunn Johansen svingar sleiva og delar
ut rause porsjonar. Det er ikkje få raspeballar ho
har servert i løpet av åra. No er det slutt.
|
Som eit formidabelt matvrak med særleg kjærleik
til store mengder raudt kjøt, har eg hatt frydefulle matstunder
på Kaffistova Ervingen på Strandkaien. Dei blide damene
bak den blanke disken har ausa saltkjøt, bacon og raspeballar
på ein breiddfull tallerkenen så einkvar slankeekspert,
frå Fedon til Grete Roede, hadde blitt kvalme og øre. Så
har eg sete i dei trauste lokala til Noregs Bygdeungdomslag
og studert livet på Vågen medan magen har fylt seg opp med
god, gammaldags bondekost. Men no er det slutt. 16. april
stengjer kafeen for godt, og Strand Hotell overtek med møtelokale
og bar.
|
 |
| |
Kjentfolk og stril
Monica Thorsen har jobba på Ervingen i 16 år. Ho og dei
tolv andre tilsette blir arbeidsledige når kafeen stengjer.
Dei ansette søkte om å få fortsetja drifta, men styret sa
blankt nei. Ho kan fortelja at det er mange stamgjester
som frekventerer Kaffistova.
– Mange spør oss om kor dei no skal gjera av seg. All slags
folk går her, frå studentar til kjentfolk til gamle strilar,
seier ho og smiler. Svein Gåsvær er på nostalgibesøk, og
mimrar attende til 70-tallet når studentane på «Teknikaren»
åt middagane sine på Ervingen.
– Det er trist og unødvendig at det blir lagt ned. Ein treng
ein litt sånn traust stad, ein kafé med k og ikkje c, seier
han.
Stamkundar
Ekteparet Kjell og Bente Kitlestad har ete sine raspeballar
på Ervingen i 25 år.
– Me har klyppekort på middagar og reknar med å få brukt
det før dei stengjer. Og så skal me ramma det inn, sidan
det er det siste, seier dei medan dei arbeider seg gjennom
dei breiddfulle tallerkane sine. Dei har ikkje funne ein
ny stamstad enda.
– Me veit ikkje om ein annan stad med like god mat og like
hyggeleg betjening. For i desse trippelkaffelatte- og scampiwokcarpaccio-tider
er det noko eige med rause, feittglinsande porsjonar med
bondekost, blide, ferme damer og utsikt til Vågen. Det er
eit stykke kultur som blir lagt ned om tre veker.