Studvest
er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen, Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 26. mars 2003, nr. 10 - 58. årgang
– Klag på eksamen
Dette oppfordrar stuentane Ida Welde og Thomas Mandal som
gjekk frå stryk til 2,7 og 2,5 på sine eksamenar ved SV og
HF-fakultetet.
– Det er tøvete å seie at dette berre er eit unntak, meiner
Arild Raaheim, førsteamanuensis ved Det psykologiske fakultet.
les
meir
nyhende
Krigen opp i Universitetsstyret
Etterlyser meining: Tidlegare rektor
ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt, meiner
tida er inne for at Universiteta tek standpunkt til krigen
mot Irak. Også studentane protesterer. Torsdag demonstrerte
1.000 studentar i Bergen (biletet) mot krigen. Åleine: No vil Universitetet i Bergen diskutere om
dei skal meine noko om krigen i Irak. Dette er dei aleine
om i Noreg. Resten av universiteta held fast på si linje
om å ikkje ta stilling til krigen.
les
meir
nyhende
Klar for sending
Bergen Student TV (BSTV) er på skinnene igjen etter
at TVNorge for nokre veker sidan stansa planleggjinga
av sendingane. Kanalen ville ikkje la den studentdrevne
tv-stasjonen nytte si sendeflate, men no har TVNorge
snudd. - Første sending er 6. april. Då brakar det laus
frå Landmark, seier ein optimistisk Henrik Hylland Uhlving,
redaktør i BSTV.
les
meir
kultur
Ingen aprilspøk 1. april kjem gudane til Storelosjen på Kvareteret
for å leite etter gode menneske. Då har Immaturus première
på Bertolt Brechts samfunnskritiske stykke, «Det gode
menneske fra Sezuan». På biletet: Mari Paus.
les
meir
kultur
Medias krigføring - Den arabiske pressa gjev eit nyansert bilete
av krigføringa i Irak, meiner palestinaren Mayhoud Sayyad,
tolk i TV2. Han slaktar norske medier si dekking av
krigen.