|
– NSU gjer ikkje jobben sin
NSU hjalp deg ikkje då Universitetet i Bergen sette opp
datastrategien for 2003 til 2006. Dei hadde ingen kommentar
til endringane som har vorte kalla ei total overkøyring av
studentane.
Én av tre i faresonen
for utbrenthet
42 prosent av studentene ligger i den øvre halvparten av
utbrenthetsskalaen i en ny studie. – Utdanningen bør sette
mennesker i stand til å ta vare seg selv, mener Øystein
Brungot, som skriver hovedoppgave om utbrenthet.
Fra stryk til laud
– Alle som stryker på eksamen bør klage, oppfordrer Ida
Welde og Thomas Mandal. De gikk fra stryk til 2,7 og 2,5 på
sine eksamener ved SV og HF-fakultetet.
Universitetet på gli
UiB vil no som einaste universitet i Noreg vurdera å
gje ei offentleg meining om krigen i Irak. Det har lenge vore
sterke protestar mot krigen ved Universitetet.
Karrieredag
– Eg hadde få forventningar på førehand, men det er veldig
greitt å få snakke med bedrifter og institusjonar. Jonas Christensen
var ein av mange studentar som tok turen innom Karrieredagen
på Dragefjellet sist torsdag.
Ein mongol i oss alle
Etter å ha undersøkt Y-kromosomet til over 2.000 asiatiske
menn, har engelske forskarar funne at åtte prosent har nesten
heilt like kromosom. Dei meiner at resultatet viser at til
saman 16 millionar sentralasiatar kan førast tilbake til same
forfar. Forskning.no spekulerer i at «en fantastisk løssluppen
mann har høvlet over en usannsynlig mengde damer en gang rundt
år 1000». Forskarane meiner at Djengis Khan kan høve som den
mektige og virile masseprodusenten, sidan han etter kvar landerobring
kunne innlemme stadig fleire kvinner i haremet sitt.
Sekstimars arbeidsdag for studentar
Regionavisenes stud.mag-undersøking viste at gjennomsnittstudenten
jobbar drøye 28 timar med studier i veka. Inkludert i desse
timane er både eigene og organiserte studier. Dermed er ein
vanleg studiedag på kring seks timar, mot arbeidslivets 7,5.
Men det er store variasjonar. Av høgskule- og universitetsfaga,
ligg historiestudentane i Bodø og Volda lågast på timelista,
begge med under 18 timars studieinnsats. Ingeniørstudentar
i industriell økonomi ved NTNU og i økonomi og administrasjonsfag
ved HiB er dei einaste med over 40 timars arbeidsinnsats i
veka.
Held depresjonar for seg sjølv
Ungdom fortel gjerne om seksuelle erfaringar og konflikter
til venane sine. Psykiske problem held dei derimot skjult
for dei næraste, kjem det fram av ei undersøking Norsk Gallup
har gjort på oppdrag for Rådet for psykisk helse. – I dagens
samfunn er det viktig å vere vellukka, å skape seg sjølv.
Depresjonar høver tydeleg ikkje inn i biletet, seier Tor Øystein
Vaaland i rådet til NTB. Kvar fjerde i undersøkinga trur ikkje
det offentlege hjelpeapparatet er tilgjengeleg om dei får
problem. Ifølgje Vaaland er ikkje undersøkinga representativ,
sidan den berre er gjort blant 130 ungdommar, men at den likevel
seier mykje om tendensen.
Mot universitet i Stavanger
Høgskolen i Stavanger (HiS) er nær å kunne bli godkjend som
universitet, skriv Forskning.no. Nyleg vart det tredje doktorgradsstudiet
godkjend, og det fjerde kan kome allereie i april. Kravet
for å kunne bli universitet er nettopp å ha fire ulike doktorgrader.
– Dette er ei fantastisk anerkjenning til fagmiljøet på HiS,
og ein stor og naudsynt byggestein i Universitetet i Stavanger,
seier Terje Aven ved Høgskulen. HiS tilbyr no doktorgrad i
petroleumsteknologi, offshoreteknologi, den nyleg godkjende
risikostyring og samfunnstryggleik, og, om alt går etter planen,
snart spesialpedagogikk.
Ynskjer ikkje professorat i kvinnehelse
– Eg oppfattar ikkje kvinnehelse som eit eige fagfelt. Ei
rekkje av dei sjukdommane som rammar kvinner får stor merksemd
i medisinsk forsking, seier dekan ved medisinsk fakultet ved
Universitetet i Oslo, Stein A. Evensen. Til studentavisa Universitas
fortel han at det er årsaka til at fakultetet ikkje vil opprette
eit professorat i kvinnehelse, slik Kvinnehelseutvalet foreslo
for tre år sidan. – Den type antikvariske haldningar kan ikkje
halde fram. Menn og kvinner lever svært ulike liv, og det
må verte reflektert i medisinsk kunnskapsutvikling, seier
Knut Oftung ved Likestillingssenteret i Oslo. Han var blant
utreiarane til forslaget.
«Studentar for krig» danna i USA
Students for War er danna i USA, melder Fox News. Ad hoc-organisasjonen
skal fungere som paraply for ulike grupper på amerikanske
universitet som støttar krigføringa i Irak. På heimesida si
skriv organisasjonen at «dei som trur Saddam er ein fredeleg
leiar, er like misleia som dei som i går trudde at Adolf Hitler
var fredeleg». Dei meiner og at regimet i Irak utgjer ein
langt større trussel mot USA enn al-Qaida. Organisasjonen
har likesinna grupper ved mellom anna Princeton, Yale og Columbia
University. Også i Tyskland er liknande organisasjonar skipa,
skriv Der Spiegel.
Våte og voldelige demonstranter
Tysk politi måtte bruke vannkanoner for å bryte opp en demonstrasjon
mot krigen i Irak mandag. Rundt 20.000 studenter i Hamburg
gikk i et fredelig demonstrasjonstog, men da toget nærmet
seg det amerikanske konsulatet ble det møtt av palestinere
væpnet med kjepper og klubber. Palestinerne begynte å angripe
politiet som sikret bygningen, og politiet svarte med å slå
med batonger mot de verste demonstrantene. Flere mennesker
ble skadd, melder BA.
Ny rektor ved HiB
Elin Bergsvik (54) fikk 54,5 prosent av stemmene i rektorvalget
ved Høgskolen i Bergen (HiB) mandag. 86 prosent av undervisningspersonalet
ved skolen fant veien til stemmeurnene, mens bare tolv prosent
av studentene gjorde det samme. Bergsvik har jobbet ved lærerutdanningen
ved HiB siden 1979 og har lang fartstid fra Sosialistisk Venstreparti.
Rektorkjedet overtas første august.
26.03.03
|