Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 2. april 2003, nr. 11 - 58. årgang

Krig og kringkasting

I desse dagar har eit nytt tv-spel entra verda og blitt allemannseige. Amerikanarane har gitt det namnet «Operation Iraqi Freedom», pompøst som det sømer seg for eit godt underhaldningsobjekt. Vi får sjå fikse spelebrett som viser framrykkinga mot Bagdad, kjekke skildringar av militærutstyr og spennande kampar direkte frå fronten. Aviser er ikkje lenger spennande nok. Som dei samfunnsengasjerte menneskja vi er vil vi ha ferske, direkteoverførte nyhende, ikkje gårsdagen sine ferdigtygde hendingar.

I mellomtida overser vi at titals millionar menneskje svelt i dei sørlege delane av Afrika. Det siste kvartalet har Aftenposten si nettutgåve hatt 72 artiklar som inneheld orda «sult» og «Afrika». Leitar du etter orda «krig» og «Irak», går søkjemotoren i stå. Det er gammalt nytt at mykje er galt i verda. Sjølvsagt er det fælt med det som skjer i dei afrikanske landa, men god nyhendeverdi har det ikkje. Det er verken actionfylt eller særleg nytt. Og det er ikkje akkurat mogleg å hjelpe afrikanarane i ei handvending heller. Det har jo vore så mykje krigar der nede, og så mange autoritære leiarar som har utnytta folket sitt. Då kan ein ikkje vente at stormaktane skal kome til unnsetning for å gje dei eit betre liv.

Det er ein slåande forskjell på rettane til dei som påverkar Vesten, og dei som berre har det vondt. I storpolitikken er menneskerettar berre for dei utvalde heldige. Dei rike, sterke landa set dagsorden for kven som treng merksemd, og media følgjer gladeleg etter. Då er det lettare å bruke hundrevis av milliardar kroner på å bombe eit land, meir enn nok pengar til å redde alle som svelt i både Irak og Afrika.

Irakarane har det frykteleg, og dei har hatt det lenge. Akkurat som folk i mange delar av verda. Det er ikkje betre å svelte i hel i Afrika enn det er i Irak. Krigen kan få store ringverknader, og når han no er i gong er det viktig å rapportere om kva som hender. Men lettsindige detaljar om tekniske finesser er for det meste underhaldning, og ikkje informasjon vi treng for å forstå kva som hender. Andre viktige hendingar har lett for å bli gløymd. For det er lett å miste perspektivet for tida: USA, Storbritannia og Irak er tross alt berre ein liten del av jorda si overflate.

Ingrid Sælensminde
Er tilknytta Studvest sin nyhenderedaksjon
02.04.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18