Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 2. april 2003, nr. 11 - 58. årgang

Tilbake til Leninhøyden

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør

Frå tid til annan møter ein folk som gjerne vil fortelje om kor mykje meir engasjerte studentane var før i tida då dei sjølve studerte. Anten det er strigla folk i dress, som har gitt opp sine fordums ideal, eller gamal-raddisar med islendar, hestehale og solid måne, har dei begge den same bodskapen: «På syttitalet, guten min, då var det sving på sakene.» Den tida Nygårdshøyden framleis gjekk under namnet Leninhøyden. Då det var vietnamkrig, jesusbevegelse, sandalar, hår under armane og gode greier. Revolusjonære studentforeiningar styrte butikken og kuppa det som var av studentorgan ved å hale ut generalforsamlingane til langt på natt, og så ta avstemminga når alle andre hadde gått heim. Sidan den gongen har det visst berre gått nedover med engasjementet, og vi må kanskje vere einige med dei i dette.

Likevel er det mange studentar som vil gjere si stemme høyrd, men i fleire år no har ein mangla gode saker å kjempe for. Antiglobaliseringsrøysla som vaks fram etter Seattle-demonstrasjonane i 1999, virka lenge som eit lovande objekt. Den røyrsla stagnerte på eit punkt. Dels fordi dei mangla einsretting og klart definerte fiendar, dels vart dei finta ut av medieslu politikarar som lukkast i å framstille dei som bortskjemde middelklasse-sutrekoppar.

Antikrigsrøyrsla såg ut til å gå same vegen etter at krigen i Afghanistan vart skuffande kort og lite blodig, og ikkje mobiliserte det store engasjementet. Men så vart det tale om krig i Irak, og brått vakna folk til liv. Dette var kanskje litt uventa for nokre, men kanskje kryssa USA og England ei grense for kor mykje vissvass ein kan tre ned over øyra på normale folk, før dei reagerer. (Sjølv om USA skrønar så godt at dei byrjar å tru på det sjølv, og vert oppriktig overraska når amerikanske styrkar møter motstand i staden for å bli møtt som heltar.)

Eg vil nytte leiarplassen denne gongen til å takke alle som har stilt opp på demonstrasjonar, debattar, skrive avisinnlegg og ellers nytta sitt engasjement eller si kompetanse til å slåst mot dumskapen som regjerer i Washington og Downing Street.

Vi må tru at det nyttar, sjølv om det er eit godt stykke frå visesang på Muséplass til paradigmeskifte i Pentagon. Og sjølv om demonstrasjonane i dag er berre fjerne ekko av studentrøyrslene på seint seksti- og tidleg syttital, då dei stengde ned universiteta i vekesvis for å vise sin motstand. Men å demonstrere i dag er ikkje like lett som på syttitalet, fordi alle og ein kvar no til dags veit at det er media som set stemninga meir enn noko anna. Media er vår tids propaganda. Å skråle rundt på gatene med ein plakat følest kanskje bra, men er på langt nær så effektivt som å snakke rundt ein journalist til å presentere ditt syn på redaksjonell plass. No til dags vert vi stadig flinkare til å manipulere hjernene til kvarandre. Men dei flinkaste i dette faget er dei med mest pengar, og det gjer det vanskeleg for studentar å kjempe mot overmakta. Så difor: Skaff deg kompetanse, bli god i det du gjer og få deg ei stemme. Og framfor alt, engasjer deg i di samtid no, og ikkje la deg sløve ned av koselig familieliv, arbeid eller hjernedød tv-underhaldning.

Det er framleis ei fare for at engasjementet rundt denne krigen ebbar ut. Spørsmålet er om dette engasjementet vil overleve påskeferie og eksamensangsten som råkar for fullt i mai. Men uansett, til alle dykk som var med i demonstrasjonane: Godt jobba så langt. Meir slikt!

02.04.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18