 |
På veg opp. Det har vore ein minnerik sesong for
June Aasan (fremst), Linda Sølvberg og dei andre jentene
på BSI sitt første divisjonslag. Her på siste treninga
før NM-sluttspelet.
|
– Dei slår hardt, konstaterer fotografen og
følgjer ballane med bekymra blikk. Vi sit på sidelina. Med
tre treningar i veka er det ikkje naudsynt for trenar Curt
Kubon å gaule «høge kneløft». Oppvarminga går av seg sjølv.
Laget har takka nei til eliteseriespel neste år, sjølv om
dei klart har vunne puljen sin i første divisjon. Etter
komande sesong er det derimot mykje som tyder på at BSI
sine damer går for opprykk.
– Ein del av dei sentrale spelarane forsvinn, men få har
sagt avgjort nei til å satse. Dersom det økonomiske og administrative
går i orden er det ikkje umogleg, fortel Kubon sindig, medan
ballane smell i golvet. Dei tek det roleg denne treninga,
får vi vite. Sidan det er dagen før NM-semifinale i Ålesund.
|
 |
| |
Opna for oskeladden
I Noregs volleyballforbund kan presseansvarleg Raymond Wardenær
fortelje at det er historisk at eit første divisjonslag
i det heile kjem så langt i noregsmeisterskapen som BSI
har gjort denne gongen. Men eit nytt kvalifiseringssystem
har letta vegen for oskeladdar, også i volleyballverda.
– I år fjerna vi utsilingsmekanismen i fjerde runde. Ein
del elitelag slo ut kvarandre. At BSI kvalifiserte seg til
«final four» er difor ingen sensasjon, men ein stor prestasjon,
seier han, og dreg fram siger over Tromsø som imponerande.
Utfordrarposisjon
På siste treninga har ei av dei som har slått hardast gjennom
heile sesongen, kantspelar June Aasen, enno ikkje fått nervar
framfor helga.
– Vi står i ein utfordrarsituasjon. Ingen forventar at vi
skal vinne. Lagvenninne og oppleggar Linda Sølvberg samtykker.
– Vi tek det som ein bonus. Motstanden vert tøff, men vi
gler oss.
Tap mot trondheimsstudentar
Det vart tap både i semifinalen og bronsefinalen i NM. Trenar
Kubon hadde heller ikkje forventa anna. Mot eliteserietoar
NTNUI Gløshaugen frå Trondheim, var nivåskilnaden stor.
I bronsefinalen mot Blindheim var BSI-damene derimot meir
på høgde, og vann eitt av setta med klar margin. I løpet
av sommaren skal det avgjerast om det hardtslåande damelaget
skal satse for fullt for å kome attende som ein av volleyballtoppane
i Noreg. Meir enn eit tiår sidan førre glansperiode.