Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 2. april 2003, nr. 11 - 58. årgang

Bruker millionar på Microsoft

Universitetet i Bergen bruker årleg ein million kroner på programvare frå Microsoft. Også NHH og Høgskolen i Bergen gjev Microsoft mange hundre tusen kroner på programvare som dei kunne fått gratis.

Linux. Trond Bjørstad og Thomas Tjøstheim bruker Linux i staden for Microsoft Windows til å gjere hovudfagsoppgåva si i informatikk. UiB bruker ein million årleg på å kjøpe program frå Microsoft.
Tekst: Øyvind Lefdal Eidsvik
Foto: Tomas Alf Larsen

Store delar av det offentlege Noreg nyttar programvare frå Microsoft. Slik tener Microsoft gode pengar, berre frå universiteta i Noreg kom det i fjor inn kring 5,5 millionar kroner. I Bergen brukte utdanningsinstitusjonane til saman godt over halvanna million. Men alternativa fins. Dersom du bruker Linux som operativsystem og Open Office eller Star Office til teksthandsaming, presentasjonar og rekneark, vil du spare mykje. Det er gratis å bruke programma, og du kan laste dei ned frå internett.
– Lisenskostnadane skal ikkje overdrivast, seier IT-direktør ved UiB, Tor Bu, og nemner at driftskostnaden vil vere den same med gratis programvare. Til Studvest opplyser Per Bruvold, overingeniør ved UiBs Kontor for budsjett og innkjøp, at det årleg vert brukt kring ein million kroner til å lisensiere og kjøpe inn programvare frå Microsoft. Også Nils H. Netteland, IT-sjef ved NHH, bidrar til Microsofts pengepung.
– Vi liker ikkje monopoltilstandar, men kostnadane ved å legge om til Linux vil vere så store at vi vil halde på Microsoft i uoverskodeleg framtid, trur han. NHH betalte gjennom si campusavtale 225.000 kroner for fjoråret til Microsoft.

Open kjelde
Men UiB ser likevel ideologiske grunnar til å gå over til gratisprogramma. Mange av dei har såkalla open kjeldekode, som gjer at dokumenta ikkje på same måte er avhengige av eit mor-program som til dømes Microsoft Word.
– Vi ynskjer overgong til program med open kjeldekode, slik den nye IKT-strategien fortel om, seier IT-direktør Bu. Eit prøveprosjekt skal vise om det er mogleg for Universitetet å ha pc-anlegg med Linux som operativsystem. Men behovet for den kjende programvaren meiner Bu er der:
– Det er tydeleg at Microsoft Office er naudsynt. Særleg i administrative krinsar har det vore ynskja å ha dette. Men vi ser at Linux kjem tyngre og tyngre inn på marknaden. Til mange kjem vi til å gje valet mellom Microsoft-produkt og gratisprogram. Ved NTNU er haldninga meir tilbakehalden.
– Vi har endå ikkje vald å satse på program med open kjeldekode, seier Roar Aspli, IT-sjef ved det universitetet som i størst grad har IT som satsingsområde.
– Ei stund vidare vil vi ha mest Windows blant brukarklientane, opplyser han, og medgir at NTNU er meir tilbakehaldne på feltet enn UiB.

– Liker Linux
For hovudfagstudentane ved Institutt for informatikk ved UiB er Linux standard. Thomas Tjøstheim og Trond Bjørstad er ferdige med hovudfag i datatryggleik og kodeteori til sommaren. Dei er positive til å bruke Linux, men er langt frå heilomvende.
– Linux er meir knotete, og i nokre høve mindre brukarvennleg. Men jamt over er Linux bra å bruke, seier Trond Bjørstad, og legg til:
– Linux er mykje meir driftssikkert enn Windows. Tjøstheim er òg positiv til å nytte Linux.
– Det er meir jordnært, grafisk sett, og er enkelt og greitt å bruke. Du har valet mellom å bruke kommandolinje og grafisk grensesnitt. Til fagleg bruk føretrekk eg Linux. Likevel har begge Windows installert på maskinene sine heime. Bjørstad har prøvd å byte til Linux, men har ikkje kome langt. Til det er Linux for tungvint å innstille.
– Men når Linux fyrst er i gong, er det relativt enkelt å bruke, meiner begge.


Nekta Linux av HF

Bernt Øyvind Thorvaldsen, tilsett ved Nordisk institutt, vart nekta å nytte gratisoperativsystemet Linux på kontoret sitt av Historisk-filosofisk fakultet sin IT-seksjon. Årsaka vart oppgjeven å vere tryggleiksmessige omsyn.

- Det er fint å kunne bruke det datamiljøet ein sjølv trivst best med. Sjølv er eg van med både Windows og Linux, men føretrekk Linux av både teknologiske og ideologiske grunnar, seier Thorvaldsen. Då han kontakta IT-seksjonen ved fakultetet, fekk han melding om at han ikkje kunne få Linux installert av tryggleiksomsyn. Noko Thorvaldsen reagerte på sidan Linux er rekna for å vere vel så sikkert som Windows. At UiB set i gong eit prøveprosjekt om utvida bruk av Linux, er han glad for:
– Eg ser fram til at UiB kjem fram til ein strategi der ein sjølv kan velje kva operativsystem ein vil nytte.

Arbeidskrevjande
– Vi ynskjer ikkje at brukaren sjølv skal installere og vedlikehalde operativsystem. Det er helst vi som skal installere programvare, og då må vi ha ein effektiv måte å distribuere det på. For tida har vi diverre ikkje det, orsakar Magne Bergland, leiar ved HF sin IT-seksjon. Han avventar resultatet frå prøveprosjektet om alternativ plattform, og trur HF sine brukarar vil få nytte Linux som alternativ alt om få månader.
– Å gjere unntak er ekstremt arbeidskrevjande. Vi såg oss ikkje i stand til å gje Thorvaldsen ein annan plattform no.

 

 

 


tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6 7

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18