My places
Velg språk / Choose language:

Ein regnbue midt på natta?

Månebue (Foto: Skjalg Andersen.)

REGNBUE: Det er sjelden at månelyset er sterkt nok til å lage en regnbue med farger.

Foto: Skjalg Andersen.

Slik forklarar meteorologen korleis lyset frå månen kan lage ein regnbue.

Spør meteorologen

Statsmeteorolog Haldis Berge
Foto: Marit Hommedal
  • I dag er det statsmeteorolog Haldis Berge som svarer.
  • Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no

Sonja har sendt e-post til yr-meteorologane og lurar på om lyset frå månen kan laga ein regnbue.

Denne veka er det yr-meteorolog Haldis Berge som svarar:

Ein månebue

Ja, ein kan sjå regnbue om natta også. Dette kallar ein for månebue.

Den blir danna på same måte som regnbuen men av månelyset istaden for sollys.

Slik blir månebuen danna

Månebuen blir danna ved at månelyset, som er reflekterte lysstrålar frå sola, bryt i regndråpar.

Det er fleire forutsetningar som må vera tilstades for at ein månebue skal kunna oppstå:

  • Månen må vera full, eller nesten full.
  • Månen må vera bak deg, og du må ha regndråpar framfor deg.
  • Himmelen må vera mørk.
  • Månen må vera mindre enn 42 grader over horisonten.

Med alle desse forutsetningane seier det seg sjølv at ein ikkje ser månebuen så ofte.

Eit sjeldan fenomen

Månebuen er altså eit sjeldan fenomen. Hovudårsaka til at månebuen er sjeldan er at månelyset er mykje svakare enn sollyset.

Månebuen vil ofte sjå kvitaktig ut. Dette er fordi månelyset er for svakt til at auga vil klara å oppfatte fargane i månebuen.

Siste saker frå yr.no