Ein omvendt regnboge
HIMMELENS SMIL: Ein opp ned regnbue ser ut som eit smil på himmelen.
Foto: Gisle Thordarson/PrivatHar du nokon gong sett ein regnboge smile til deg? Då har du vore vitne til ein cirkumzenitalboge!
Gisle har sendt inn eit spørsmål til yr-meteorologane om regnbogen.
Han har tatt eit bilete av eit fenomen som ved første augekast ser ut som ein omvendt regnboge.
Spør meteorologen
Foto: Marit Hommedal- I dag er det statsmeteorolog Haldis Berge som svarer.
- Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no
Hei Gisle, og takk for fint bilete!
Dette er eit halo fenomen, kjent som cirkumzenitalboge.
Den blir også beskriven som ein omvendt regnboge eller himmelens smil.
Når kan ein sjå bogen?
Cirkumzenitalbogen kan ein vera heldig å sjå når sola står lågt på himmelen, og det er høge, tynne skyer.
Sjå då rett opp, senteret til bogen vil vera mot sola, og raudfargen er på utsida av bogen.
Bogen kan berre formast om sola er lågare enn 32.3º over horisonten.
Dess lågare sola står, jo lengre blir bogen. Bogen blir aldri ein heil sirkel, den blir på det største ein fjerdedel av ein sirkel.

VAKKERT SYN: Ein regnbue er eit vakkert syn. Spesielt når den smilar til deg i tillegg!
Foto: the_exploratorium/flickrKvifor opp ned?
Denne type fenomen oppstår når sollyset skin på spesielle iskrystallar, og bryt og blir reflekt i desse.
Slike iskrystallar finst i cirrus-skyer. Iskrystallane må vera med den flata sida opp for at dette fenomenet skal oppstå.
Sommarhelsing frå Haldis.
Spør meteorologen!
- Ein omvendt regnboge
- Kan månen si noe om været?
- En blomkålsky snudd på hodet
- Derfor dannes det «flystriper»
- Derfor regnar det mykje om sommaren
- Slik beregnes skogbrannfaren
- Kva er det vi ser rundt sola?
- «Satans vind» i California
- Slik måler ein kor høge bølgjene er
- Hva er egentlig drivhuseffekten?
- Jordskjelvene i Norge
Siste saker frå yr.no
-
Ein omvendt regnboge
- Vanskelig å melde sommerværet
- Regnværet fortsetter i hele landet!
- Derfor regner det i innlandet nå!
- Vått i nord, våtere i sør!
- Kraftig regn rammer Storbritannia
- Send ditt sommerbilde til yr.no
- Kan månen si noe om været?
- Sommer i alle Norges fylker
- Nord-Norge får penest vær i helgen
- Nydelig vær i sør
- Beviset på at vi er «yromane»
- Variabelt vær i hele landet
- En blomkålsky snudd på hodet
- Juni ble kaldere enn normalen
- Klissvåt helgestart i sør og øst
- Stabilt sommervær lar vente på seg
- Sommerlig i sør, vinterlig i nord
- Stormen «Debby» har nådd land
- «Debby» nærmer seg med stormskritt

