Kva er dette?
SKYFORMASJON: Bildet er tatt på Fjorda i Gran kommune natt til lørdag 9. juni i år.
Foto: Terje OlafsenEn yr-bruker knipset dette spesielle bildet av en skyformasjon, og lurer på hva han ser.
Spør meteorologen!
Foto: Marit Hommedal
- I dag er det statsmeteorolog Merete Øiestad som svarer.
- Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no
Eg reknar med at årsaka til den vertikale skyformasjonen på bildet er utslepp frå ein skorstein bak trea, er forklaringen til yr-meteorolog Merete Øiestad.
Vassdamp og røyk
Det er nok både vassdamp og røyk som kjem ut frå pipa.
Røyken inneheld partiklar som virkar som kondensasjonskjernar. Det vil seie at partiklane frå røyken gjer det lettare for vassdampen i lufta å kondensere til vassdråpar.
Røyken går rett opp
På bildet kan du sjå at den vertikale skya er ganske smal og høg. Det betyr at røyken går rett opp.
Røyken har fart oppover og høgare temperatur enn lufta omkring når den kjem ut av pipa.
Luft med høgare temperatur er lettare enn den kaldare lufta, og dermed vil røyken stige.
Lite vind
På grunn av meir vassdamp og fleire kondensasjonskjernar blir det skydråpar og ei sky der utsleppet frå pipa sprer seg i lufta.
I og med at røyken går ganske rett oppover og ikkje blir spreidd noko særleg i horisontal retning, må det ha vore lite vind då dette bildet blei teke.
Oppstått uavhegig av kvarandre
Mest sannsynleg har ikkje skya til høgre for den vertikale skya nokon samanheng med røykutsleppet og den vertikale skya.
Uansett om dei to skyene er kobla i hop eller det berre ser slik ut på bildet, så kan skya til høgre ha oppstått uavhengig av den vertikale skya.
Utslepp frå skorsteinen
Det er også mulig at heile eller deler av skya til høgre har blitt danna på grunn av utslepp frå skorsteinen.
I så fall kan det vere ein brå overgang til sterkare vind saman med ein inversjon som gir eit sperrelag der skya brer seg ut i horisontalen.
Sommarhelsing frå Merete
Værfenomener på yr.no
- Kva er dette?
- En blomkålsky snudd på hodet
- «Satans vind» i California
- Hvorfor splittes regnbuen i to?
- Derfor smeltar snøen rundt treet
- Se nordlys i hele landet!
- – Et fantastisk fargespill
- Slik oppstår perlemorskyer
- Hvilket vær gir vindretningene?
- Nordlys-show etter magnetisk storm
- Derfor er orkanen «Irene» så farlig
Siste saker frå yr.no
-
Kva er dette?
- Kan bli flom i Oslo
- - Du blir brent gjennom skyene
- Sommer i nord, høst i sør!
- 40 millimeter nedbør på Østlandet.
- Surt vær gir knallbær!
- august blir kald
- Grått i nord, sol i sør
- spør meteorologen
- Slik blir du hobbymeteorolog
- Vått i nord, penere i sør
- Nå stuper temperaturene i Finnmark
- Nedbørmengden øker og øker
- samme vær en uke til
- Ein omvendt regnboge
- Vanskelig å melde sommerværet
- Regnværet fortsetter i hele landet!
- Derfor regner det i innlandet nå!
- Vått i nord, våtere i sør!
- Kraftig regn rammer Storbritannia

