Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
HiT / Nyheter / Beveren dukka opp

Beveren dukka opp

Beveren Loran lurte sikkert veldig då så mange var samla for å sjå beverforskarane tok dei nødvendigste prøver av han under Beversafarien.

- Loran er vi godt kjend med, fortel beverforskar Frank Rosell. - Han har vokst opp ved kyrkja, men flytta seg nedover elva da hannen i territoriet nedanfor døde i fjor. Da tok han over ei gamal enke der. Ein beversafari under Forskningsdagane er ikkje som andre fredagskveldar.

Publikum strømma til møteplassen i Lunde da Høgskolen i Telemark inviterte til beversafari under Researchers’ night fredag kveld. Forventningsfulle barn og vaksne fulgte faklane ned til gapahuken ved Lundeelva der eit varmt bål, pølser, brus og kaffi venta dei. Beverforskar Frank Rosell gav de 50 frammøtte ein grundig innføring i beveren før safarien tok til.

Reserveløsning
For sikkerheits skyld ble det fanga inn ein bever i forkant av safarien, så ingen skulle komme ”tomhendte” heim. Barna flokka seg rundt da Frank og Frode Bergan tok de nødvendige prøvene av hale og vekt, men droppa prøver av avføring og analkjertelsekret (som er med på å avgjere beverens kjønn) i dette fora. I ettertid viste det seg å vere Loran. Han fekk namnet sitt etter nederlendingen som fanga han.

7 år gamle Loran

Søstrene Kristin og Ingrid Larsen grilla pølser på bålet og ventet på mørket.

Loran ble første gang registrert i 1999, da var han nesten nyfødd og veide 5 kilo. På fredag veide han 25 kilo, og ligger godt an på vekstkurven.
- Loran budde heime til i fjor, men nå har han flyttet inn i nabohuset og tatt over enka der. Bevere kan ikkje bli fedre når dei fortsett ”bor heime”, seier Frank som regner med at Loran kanskje får eigne barn til neste sommar.

Lite utroskap
Beveren er tru mot partnaren, og lever eit godt og trygt familieliv med unntak av feidar den har med nabo-beveren. Den bur heime hos foreldrene sine til den finner ein å dele livet og revir med, og det er kamp om ”bustadane” langs Lundeelva. Loran har vore heldig som kunne ta over et allereie ”etablert heim”.

Sen kveld
Ved ti-tida var det berre bålet og noen faklar som gav lys, og dei første kanoane blei fylt opp med barn og foreldre. Beveren er mest aktiv i mørket så sjansane for å sjå ein bever

Det var idyllisk ved Lundevannet.

skulle være stor. Ikkje alle fekk plass i første runde, men venta allikevel tålmodig på tur.

- Eg så to stykk, ropte ei lita jente da hun kom tilbake frå safarien. Ein annen liten gut som tidligare på kvelden hadde flydd høgt over plassen av forventningar og forteljingar om dyret - som ikkje var noko skummelt- sovna i båten og måtte bæras over skuldrene av tanta si. Da var klokka rett nok elleve, og langt over sengetid for ein femåring.

Les også:Inviterer til beversafari