Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
HiT / Nyheter / Idéverkstad for gründerar

Idéverkstad for gründerar

Høgskolen i Telemark og Vekst i Grenland lar studentar og andre følgje korleis erfarne gründerar set ein forretningsidé ut i livet.

Studentar og andre får nå sjansen til på nært hald å følgje korleis ein erfaren gründer utviklar ein forretningsidé og set den ut i livet. Bak tiltaket står Høgskolen i Telemark i samarbeid med Vekst i Grenland.

Dette skjer gjennom ein idéverksstad - eit kurs - der deltakarane er med i grupper leia av kvar sin gründer som utviklar sin forretningsidé til ein forretningsplan.

- Vi har invitert gründerar med spennande idéar. Dette er ein unik mulighet til å jobbe med entreprenørskap i praksis, seier prosjektleiar Yngve Lilledrange.

Høgskolen i Telemark legg mykje vekt på innovasjon og entreprenørskap, blant anna gjennom eigne studium og gjennom å inkludere studentbedriftkonseptet i fleire av studia. Idéverkstaden i samarbeid med Vekst i Grenland er del av denne entreprenørsatsinga frå høgskolen.

- Å skrive ein forretningsplan er ikkje alltid så enkelt. Men ved å jobbe saman med dyktige gründerar får deltakarene førstehands erfaring med utfordringane dei vil møte dersom dei sjølve ønskjer å kommersialisere ein idé, seier Yngve Lilledrange.

Kurset går over tre månader i haust med eit to-dagars introduksjonsseminar og fem kveldssamlinger i Porsgrunn og med eit to-dagars avslutningsseminar i Bø.

- Det er første gang vi arrangerer eit slikt kurs, men vi håper å kunne gjere dette til eit årleg arrangement, seier prosjektleiar Yngve Lilledrange.

Utanom studentar er denne idéverkstaden åpen for andre deltakarar, også deltakarar utenom høgskolen. For studentane gir kurset 10 studiepoeng.