Med på barnehagelyftet
Høgskolen i Telemark har vore sterkt involvert i innføringa av ny rammeplan for barnehagane. På oppdrag av Fylkesmennene i Telemark og Buskerud har HiT - tilsette kursa fleir enn 2500 barnehagetilsette.
- Høgskolen i Telemark og Fylkesmannen i Telemark har i samarbeid med kommunane tilrettelagt og satt i verk ein kompetanseplan for å implementere den nye rammeplanen frå Kunnskapsdepartementet, fortel høgskulelektor i barnehagepedagogikk Åse Jørgensen.
Kompetanseplanen rettar seg mot personalet i barnehagane, barnehageeigarar og barnehagestyresmakt.
Saman med to kollegaer har Jørgensen hatt det faglege ansvaret for fire regionssamlingar i haust. Til saman har 950 barnehagetilsette i Telemark delteke.
- I etterkant av dei tre regionalsamlingane, er det gjennomført eit spennande tilbod i kompetanselyft for barnehageassistentar. Så langt har 300 assistentar vore på kurs, og det er per i dag planlagt fire nye kursdagar, fortel Jørgensen som også blei invitert til Bodø for å halde assistentkurs.
Prosjektrettleiing og eigen studie
Som ledd i innføring av ny rammeplan har Høgskolen i Telemark også ansvaret for oppfølginga av 18 utviklingsprosjekt og kompetansetiltak i barnehagane. Fylkesmannen har avsett 500.000 kroner til føremålet.
Eit nytt studium i Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage (PuB-studiet) starta opp i desember 2006. Det baserer seg på nettundervisning og gruppesamlingar på Notodden.
- Det er i hovudsak studentar som tek dette i tillegg til full jobb i barnehage, og mange av dei er også blant dei som har motteke midlar til utviklingsprosjekt i ”eigen barnehage”. Ein god kombinasjon, meiner Jørgensen.
1600 kursdeltakarar i Buskerud
I Buskerud har det vore stor oppslutning om konferansane ”1,2,3 - alle sammen med”.
Høgskolelektor Eidbjørg Sandnes Hansson har i samarbeid med Fylkesmannen i Buskerud og to kollegaer ved HiT sine førskuleutdanningar i Drammen og på Notodden halde seminar for 1600 barnehagetilsette. Det blei lagt opp til tre konferansar, men dei måtte setje opp den fjerde då pågangen var så stor.
- Den nye rammeplanen set tydeleg krav til dei tilsette. Det er ei utfordring for barnehagane når berre ein tredjedel har utdanning, fortel Hansson som til dagleg underviser førskulestudentar i pedagogikk og organisasjon og leiing.
Den nye rammeplanen blei innførd i Barnehage-Noreg hausten 2006 og byggjer vidare på rammeplan for barnehagen frå 1996. Den nye planen understrekar barn sin rett til medverknad og barnehagen si plikt til å ta omsyn til :forutsetningane og behova til kvart enkelt barnet. Det er formulert tydelegare krav til personalet i barnehagen. Det skal også vere samanheng mellom det barna lærer i barnehagen, og fag dei seinare møter i skulen.
Meir om barnehagelyftet på heimesida til Kunnskapsdepartementet.
