Nå kan du setje karakter på studiet ditt
Via elektroniske skjema på nett gir studentane ved Høgskolen i Telemark si eiga vurdering av emnet dei studerer. Nå er det elektroniske skjemaet for vårsemesteret klart.
Eit studium består av fleire emne, og studentane gir si evaluering av kvart enkelt emne.
- Evalueringsskjemaet for emna i vårsemesteret er nytt samanlikna med det elektroniske skjemaet studentane brukte i evalueringa etter haustsemesteret, seier Kristin Ekmann, ansvarleg for kvalitetsikringssystemet for undervisningsverksemda i høgskolen.
- Det er viktig at du som student brukar evalueringsskjemaet. Det hjelper oss til å gjere studia våre enda betre. Medstudentar får nytte av di evaluering på same måte som du har nytte av evalueringa som studentane før deg gjorde.
I tillegg til undervisninga for det enkelte emnet, omfattar evalueringa i vårsemesteret også di vurdering av infrastruktur - altså bygningar, utstyr osv - og læringsmiljø.
- Rapportane frå evalueringa vil vere opne både for studentar og tilsette. Dette gjeld både eige emne og alle andre emne i høgskolen, seier Kristin Ekmann.
Spørsmåla i skjemaet har ein karakterskala der du kryssar av frå 1 til 6, og der 6 er best.
I skjemaet er det blant anna spørsmål om i kor stor grad undervisninga har motivert deg til innsats, og kor nøgd du er med organiseringa og gjennomføringa av undervisninga i emnet.
