Masterkonsert og masterutstilling i Rauland
Både "masterkonsert" og "masterutstilling" er nye innslag på årets utgåve av Kunst- og handverksdagane i Rauland. Det er eksamensoppgåver av studentane ved det nye mastergradstudiet i tradisjonskunst ved Høgskolen i Telemark - landets einaste.
Studentane ved Høgskolen i Telemark - Rauland har alltid sett sterkt preg på dei årlege Kunst- og handverksdagane. I år blir det ein ekstra attraksjon ettersom dei første studentane nå har gjennomført det nyoppretta mastergradsstudiet.
Kunst- og handverksdagane er lagt til dagane 10. - 12. juni.
Studentane ved masterstudiet er ikkje einaste HiT-innslag i desse populære dagane. Mellom anna har studentane ved bachelor- og årsstudia i folkemusikk sin årlege avslutningskonsert. Her vil ein få høyre både tradisjonelle solistiske innslag med kveding og spel, og meir ekperimentelle innslag med spanande samanstjingar av song og ulike instrument.
Erotisk
Kunst- og handverksdagane startar fredag med opning med ei særutstillling av erotiske Harald Kihle-litografiar og eksamenskonsert med masterstudent Camilla Granlien. Ho har kalla konserten "Begjær".
Laurdag og sundag kan publikum sjå arbeid i tre, metall og tekstil av studentane ved folkekunststudia i HiT. Nytt i år er at masterstudentane visar fram arbeida sine etter to års studium.
Høgskolen i Telemark ved Institutt for folkekultur er arrangør av Kunst- og handverksdagane saman med Dyre Vaa-samlingane, Skinnarlandsamlinga, Utstillingsnemda i Bygdelaget, Folkeakademiet i Rauland, Folkemusikkscena, Raulandsakademiet og Rauland Turist.
- Les meir: Kunst- og handverksdagane i Rauland 2005
