Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
HiT / Nyheter / Sjukepleiarutdanning i noregstoppen

Sjukepleiarutdanning i noregstoppen

To sjukepleiarstudentar ved Høgskolen i Telemark.
Etter ein gjennomgong av dei 31 sjukepleiarutdanningane i landet er sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Telemark ein av dei få som tilfredstiller krava til NOKUT.

31 sjukepleiarutdanningar i landet har blitt revidert av godkjenningsorganet NOKUT. Det viser seg at berre fire av 31 utdanningsinstitusjonar oppfyller kvalitetskrava til NOKUT - Høgskolen i Telemark er ein av dei.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) satt hausten 2004 i gong revidering av akkreditering av alle bachelorgradsstudier og mastergradsstudier i sjukepleie.

31 sjukepleiarutdanningar blei vurderte ut i frå kvalitetssikring, studieplan, infrastruktur og fagmiljø.

Kvalitetsstempel
I november i år fekk Høgskolen i Telemark den gledelege beskjeden om at vi innfrir alle krava frå NOKUT og er på den ”eksklusive” lista over godkjende sjukepleiarutdanningar. Det er eit kvalitetsstempel både for tilsette og studentar på sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Telemark.

- Det er viktig at alle utdanningar ved Høgskolen i Telemark held høg fagleg kvalitet, og stadfestinga på at vi held eit høgt nivå på sjukepleiarutdanninga er veldig stimulerande både for studentane våre og ikkje minst dei tilsette ved avdelinga, seier høgskuledirektør Nils Røttingen.

27 institusjonar må forbetre etter krav frå NOKUT.

Satsar på IKT
Høgskolen i Telemark har over fleire år satsa på IKT-kompetanse i sjukepleiarutdanninga – noe som også er eit satsingsområde i helsevesenet nasjonalt.

På de tre øvingsromma til studentane er det IP-kamera med tovegs-lyd ved kvar seng. Då kan øvingssituasjonar filmast. Lærarane på vaktrommet får full oversikt frå dataskjermen og kan gje rettleiing frå vaktrommet eller ved å gå til og frå sjukesengene. Etter øvingane kan studentane evaluere seg sjølv.

Ressurs i det verkelige livet
- For å auke IKT- kompetansen på sjukepleie har vi tatt i bruk elektroniske prosedyrar og elektroniske dokumentasjonssystem – som begge er forskingsbaserte. Vi lærer også studentane opp i telemedisin. Kameraene gjer ein fleksibel pedagogisk læringsmetode, fortel høgskulelektor Hilde Solli på Høgskolen i Telemark.

HiT er aleine om å bruke telemedisin i sjukepleiarutdanninga.

- Våre studentar får god kjenneskap til IKT og data i utdanninga og er derfor ein ressurs når dei er ute i praksis, legg Solli til.