|
Studiehandbok 2004/2005
SO 220 400
IDÉHISTORIE
Omfang
Institutt for kultur- og humanistiske fag tilbyr kursmodular i idéhistorie som
vil kunne gi ei fordjuping i fagområdet på inntil 90 studiepoeng. Dette
tilsvarar eit fulltidsstudium i tre semester. Det vil bli undervisning i inntil
30 studiepoeng kvart semester.
Mål for studiet
Studentane skal gjennom idéhistoriestudiane lære seg å forstå korleis
sentrale tankestraumar har utvikla seg frå antikken fram til vår eiga tid,
særleg innan det filosofiske, religiøse, kunstneriske, politiske og
vitskapelege området. Det blir lagt stor vekt på å etablere samanheng mellom
dei ulike idéområda, slik at studentane opparbeider kompetanse i å lese
einskildtekstar i lys av andre tekstar og idémessige kontekstar. Dessutan er
det eit hovudmål at studentane gjennom å tileigne seg innsikt i historiske
tekstar og kontekstar skal få ei betre forståing av sentrale idékompleks i
samtida. Vi ønskjer med andre ord å bidra til auka sjølvforståing ved å
synliggjere viktige idéhistoriske føresetnader for samtidstenkinga.
Studentane skal oppnå studiemåla ved å arbeide med større oversiktsverk
og utvalde originaltekstar, og gjennom forelesingar og oppgåveløysing med
personleg rettleiing. Gjennom denne prosessen skal studentane ikkje berre lære
seg å gjengi hovudtrekka i idéhistoriske utviklingsliner og samanhengar, men
også å opparbeide evne til å diskutere og ta kritisk og entusiastisk stilling
til tekstar, tankar og posisjonar som dei blir kjent med gjennom studiet.
Kompetanse
Eit idéhistoriestudium på minimum 60 studiepoeng gir kompetanse til å undervise i idéhistorie og filosofi i grunnskole og
vidaregåande skole. Idéhistoriske studiar gir dessutan ein breiddeinnsikt som
vil kunne kome til nytte i mange andre skolesamanhengar, til dømes innan
historie- religions- og litteraturundervisning. Den breiddeinnsikta ein
opparbeider vil også være svært tenleg i høve til sentrale arbeidsområde
innan kulturlivet, slik som journalistikk, mediearbeid og forlagsverksemd.
Studium i Idéhistorie på minimum 60 studiepoeng ved Høgskolen i Telemark
kvalifiserar til vidare studiar i idéhistorie ved Universitetet i Oslo.
Opptakskrav og målgruppe
Opptakskrav er generell studiekompetanse. Sidan ein del av pensumtekstene i
mange kurs er på engelsk, er det naudsynt med gode lesekunnskapar i engelsk.
Kursa i idéhistorie er retta mot alle som ønskjer å eigne til seg breie
kunnskapar om tenkinga si historie innan kulturelle hovudområde, og igjennom
det å oppnå ei betre forståing av samtidstenkinga sine idémessige
føresetnader. Slik idéhistorisk breiddekunnskap vil gi ei betre forståing av
mange tankestraumar som ein møter i dei fleste humanistiske fag, men også i
mange samfunnsvitskaplege samanhengar. Derfor vil eit idéhistoriestudium være
aktuelt og tenleg for dei aller fleste studentar som siktar seg inn mot ein
bachelorgrad innan humaniora, samtidig som det kan kombinerast med
samfunnsvitskaplege studiar på ein fruktbar måte. Studentar som tar sikte på
ein full bachelorgrad ved Institutt for kultur- og humanistiske fag ved
Høgskolen i Telemark, og som ønskjer å ha idéhistoriske komponentar som
delar av graden, vil ha høve til mange og fleksible kombinasjonar med både
engelsk-, norsk- og historiestudia, likeeins med studia i kulturarbeid. Dessutan
vil det vere svært relevant å studere idéhistorie for studentar som ønskjer
å gå vidare på hovudfaget i kulturstudiar ved instituttet.
Innhald, oppbygging og samansetning
Idéhistoriestudiet ved Høgskolen i Telemark er sett saman av ei rekkje modular
med ulikt kronologisk og/eller tematisk fokus:
Det er utarbeidd eigne omtalar og pensumlister for kvart av kursa. I desse
blir innhaldet i kursa nærare spesifisert. Undervisninga i eit kurs går
normalt over eitt semester.
Studentar som ønskjer å få godkjent fordjuping i idéhistorie på 60
studiepoeng (tilsvarande grunnfag) eller meir, må ha stått til eksamen i
oversiktskurset på 20 studiepoeng og kurset i norsk idéhistorie. Andre
studentar kan etter interesse og behov la eitt eller fleire einskiltkurs gå inn
i bachelorgraden, sidan alle kursa er sjølvstendige studieeiningar med
avsluttande eksamen.
Arbeids- og undervisningsformer
Det vil bli inntil 3 undervisningstimar pr. veke i kursa på 10 studiepoeng. I
oversiktskurset på 20 studiepoeng vil det bli inntil 6 undervisningstimar pr.
veke
Undervisninga vil bli fordelt på forelesingar og seminar etter som det er trong
for. I alle kurs skal studentane levere ei individuell skriftleg
semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas
med rettleiar.
Vurderingsformer
Alle kurs blir avslutta med skriftleg eksamen. For å kunne gå opp til
avsluttande skriftleg eksamen må studentane ha levert semesteroppgåvene innan
fastsett dato. Endelege karakterar vil bli utrekna slik det er sagt i omtala av
kvart einskild emne.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|