Studielånsrenta går svakt opp
Den flytande renta på studielån blir 5,6 prosent frå 1. januar 2008. Renta auker dermed 0,3 prosentpoeng frå 4. kvartal 2007.
Renta på studielån følgjer marknadsrenta, men har eit etterslep på tre til seks månader. Det er altså ikkje den siste renteendringa til Norges bank som gjer at Lånekassen no set opp renta, men den renteauka som har skjedd dei tre siste månadane. Den siste renteendringa til Norges bank vil først merkast på studielånet i april 2008.
300 000 kan velje
I overkant av 300 000 tilbakebetalarar har moglegheit til å binde renta i tre eller fem år. Fastrenta er for tida 5,9 prosent både med tre og fem års bindingstid. Søknadsfristen for å binde renta er 10. oktober.
Individuelle behov bestemmer
– Ein må sjølv vurdere om ein har behov for å binde renta eller ikkje. Fordelen med fast rente er betre føreseielegheit og ulempa kan være å gå glipp av ei eventuell rentenedgang. Lånekassen gjer ikkje råd i valet mellom fast og flytande rente, seier kommunikasjonsrådgjevar Astrid Mjærum.
Dei som ønskjer fast rente, kan søkje via Dine sider på www.lanekassen.no eller Kassafonen, telefon 04545. Søknadsfristen er 10. oktober. Dei som ikkje søkjer om fast rente innan fristen, beheld automatisk flytande rente. Sjå oppdatert renteinformasjon på: www.lanekassen.no/rentesatser.