Regjeringen foreslår ti års fastrente
Du skal kunne binde renta på studielånet ditt i ti år, foreslår regjeringa i Statsbudsjettet for 2008. Det vert foreslått at endringa skal gjelde frå 1. januar 2008. I dag kan du binde renta i tre eller fem år.
Regjeringa har no fulgt opp eit ønskje frå studentorganisasjonane om større økonomisk føreseielegheit for dei som tek lang utdanning.
– Vi veit at mange kvier seg for å ta høgare utdanning på grunn av usikker inntekt. Å binde renta på studielånet kan være eit viktig verkemiddel for å balansere økonomien betre. Spesielt i periodar der renta vil stige, har kunnskapsminister Øystein Djupedal tidlegare sagt til VG Nett.
Det er i dag ca. 477 000 personar som har studielån som dei betalar på. Desse fordeler seg slik:
Flytande rente: ca. 415 000
3-års fastrente: ca. 17 000
5-års fastrente: ca. 45 000
Dei kundene som ikkje aktivt vel fast rente, får automatisk flytande rente.
Sjå renteutviklinga på studielån dei siste åra