Får kutt i stipendet

Over 37 000 studentar får i desse dager melding om at heile eller delar av stipendet er omgjort til lån.

Lånekassen har innhenta likningstal for 2006, og desse syner at over 37 000 av studentane har hatt inntekt, formue eller trygd over fribeløpet for å få behalde fullt stipend. Talet er stabilt frå i fjor. 

Kontrollen mot likningsopplysningar er siste ledd i behandlinga av søknadar om utdanningsstøtte. Her blir størrelsen på stipendet endeleg fastsatt. Har studenten fått meir stipend enn ho har krav på, blir noko av det, eller alt, omgjort til lån.

Tydeleg informasjon

- Det er gledelig at det ikkje er fleire studentar i år enn i fjor som får kutt i stipendet. Det kan tyde på at Lånekassen har nådd ut med informasjon om inntekts- og formuegrensene, seier seniorrådgjevar i Lånekassen, Wenche Merli.

Likningskontrollen syner at 1097 studentar hadde formue på over ein million i 2006. 13 hadde ei inntekt på over ein million. Studenten med den høgaste formua hadde 171,5 millionar ståande på bok, medan studenten som tente mest, hadde ei inntekt på 2,1 millionar kroner.

Grensene for å behalde fullt stipend i 2006 var
• 113 027 i inntekt
• 60 476 i trygd
• 223 600 i formue for einsleg student
• 429 520 i formue for gift student

Les meir om Lånekassens grenser for inntekt og formue