Til innhold
kontakt | utskrift | nettstedskart | søk:
 
| english

Oppdrettslaks og villaks

Norsk oppdrettslaks er avla fram frå den Atlantiske laksen. I Noreg har vi i 40 år gjennomført et systematisk avlsarbeid for å få ein laks som er langt betre tilpassa det kommersielle oppdrettsmiljøet og som veks raskare.

Laksesmolt. Foto: Havforskningsinstituttet.
Laksesmolt. Foto: Havforskningsinstituttet.

Spesifikke eigenskapar avla fram

Avlsprogram vart utforma tidleg for å endra eigenskapar som tilvekst, kjønnsmodning, feittfordeling og sjukdomsresistens. Mange eigenskapar som ikkje er direkte inkludert i avlsarbeidet, som aggresjon, stresstoleranse og evne til å unngå rovfisk (predatorer), kan óg bli endra hos oppdrettslaksen i avlsprosessen.

Genetisk påverknad frå rømt laks

Ved hjelp av ulike biokjemiske og molekylargenetiske metodar er det vist at rømt oppdrettslaks gyt i elvar, og at villaksbestandar har endra seg. Ved undersøkingar av eit pigment i rogn og yngel som reflekterer ulik diett hos villaks og oppdrettslaks, fann ein at rømt laks faktisk produserte levedyktig avkom i ei elv.

Konsekvensar av genpåverknad

Undersøkingar har vist at genpåverknad frå rømt oppdrettslaks reduserer overlevinga i villaksbestandar, og produksjonen av villaks. Det er vist at villaks og oppdrettslaks er ulike i en rekke egenskaper, som óg har betydning for oveleving i naturen. Det er muleg at genpåverknad frå oppdrettslaks óg kan skje gjennom andre mekanismar enn ved direkte innkryssing, som til dømes gjennom endringar i immungen hos villaks og også hos andre arter, som følgje av smitte og sjukdomsutbrot. Desse spørsmåla har stor aktualitet sidan dei ikkje berre vedkjem laks, men óg andre arter.

Undersøking i norske elvar i 2005-2006

For å undersøkja om norske villaksbestandar har endra seg genetisk over tid som følgje av immigrasjon av rømt oppdrettslaks, vart DNA-profilar laga på dei sju laksepopulasjonane Namsen, Etne, Opo, Vosso, Granvin, Eio og Håelva. Til dette nytta ein gamle skjellprøvar og materiale innsamla i nyare tid, etter lengre tids immigrasjon av rømt oppdrettslaks.

I Håelva på Jæren, der det mest ikkje er lakseoppdrett, og andelen rømt laks i villaksbestanden har vore svært låg, truleg under 5 prosent, vart det ikkje funne endring i dei genetiske profilane. I tre andre populasjonar, Opo, Vosso og Eio i Hordaland, vart det funne signifikante endringar i dei genetiske profilane over tid. Meir overraskande var det likevel at det ikkje vart funne endringar hos Etnelaks, Namsenlaks eller laks frå Granvinelva, som alle har hatt høge andelar rømt laks i gytebestandane, permanent eller periodisk.

Forskarane veit ikkje kor mange av dei andre norske villaksbestandane som er endra på grunn av genetisk påverknad frå oppdrettslaks.

 

Se også

Merket laks

Rømt oppdrettslaks er ikke en fremmed art
Pressemelding

Forskningsrådetsbok Fra merd til mat
pdf- kap. Avl og genetikk
- kap. miljø (genetiske interaksjoner)

Internasjonalt symposium om genetiske interaksjoner fra oppdrett

Kjelda til rømt laks spora med DNA

Rømt laks på dypt vann

Rømt fisk ikke frikjent av lav overlevelse

pdfRømming av laks og regnbueorret
- konsekvenser på ville bestander

Fisken og havet nr.11-2003

pdfAtlantic salmon – Genetics of domestication, breeding and enhancement

Havforskningsinstituttet
Postboks 1870 Nordnes, 5817 Bergen
Tlf.: 55 23 85 00, Faks: 55 23 85 31
E-post: post@imr.no