Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Studiested Rauland / Folkekunst, bachelor

Folkekunst, bachelor

Faginnhald:

Bachelorstudiet i folkekunst er sett saman av Folkekunst I, FolkekunstII og eit tredje år som du enten kan velje å ta i Rauland eller ei anna avdeling ved Høgskolen i Telemark. Grunnfag i humanistiske fag og samfunnsfag ved andre høgskolar og universitet, eller eitt år i Estland, kan også vere eit alternativ i tredje studieår.

1. år

• Historiske fag 12 stp

• Fagdidaktikk 6 stp

• Estetiske fag 12 stp

• Verkstadfag 30 stp

2. år

Valfag i spesialiseringsdelen:

• Formgjeving – tre, metall eller tekstil

Hovudemna i fellesdelen:

• Fagdidaktikk

• FoU-metodikk

3. år

Tredje studieår kan vere eit anna studium på HiT, ein annan norsk studiestad eller i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer:

Arbeid på verkstad utgjer meir enn halve studietida dei to første åra, og det er forventa at du arbeider med oppgåver på verkstaden ut over den fastlagte timeplanen. Studieåret er delt inn i prosjektperiodar.

Yrke/vidare studium:

Fleire tidligare studentar frå Institutt for folkekultur i Rauland jobbar med undervisning i ulike skuleslag, og noen kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning og ein bachelorgrad. Studiet kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.