Tradisjonsmat
Faginnhald:
Studiet gjev ei innføring i tradisjonar knytte til mat og matlaging i kulturhistorisk samanheng. Både den felles norske matkulturen og mangfaldet i den lokale og regionale tradisjonskunnskapen blir vektlagt. Gjennom praktiske øvingar får du grunnleggande kunnskap om matlaging og skikk og bruk omkring mat og måltid.
Delemna i studiet:
• Mat og kultur 6 stp
• Mat- og landbrukspolitikk 3 stp
• Mat, helse og hygiene 3 stp
• Mat og praktisk tillaging 15 stp
• Fagdidaktikk 3 stp
Arbeids- og undervisningsformer:
Studiet er eit deltidsstudium som går over eitt år og utgjer 30 stp. Undervisninga er konsentrert om ca. 10 samlingar, ein gong pr. månad. Det er ei veksling mellom praktisk matlaging, forelesningar og seminar. Mellom samlingane må studenten drive sjølvstudium, utprøving og prosjektarbeid.
Yrke/vidare studium:
Fleire tidligare studentar frå Institutt for folkekultur i Rauland jobbar med undervisning i ulike skuleslag, og noen kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning og ein bachelorgrad. Studiet kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.
