Folkekunst I, årsstudium
Faginnhald:
Folkekunst I er ei grunnutdanning der du med basis i lokal formkultur sjølv skal utforme eigne produkt og utvikle dine evner til kreativt arbeid og formidlingarbeid. Ved studiestart vel du om du vil arbeide med tre, metall eller tekstil. Studiet har som mål å gje ei innføring i norsk folkekunst, både teoretisk og gjennom praktisk arbeid. Med folkekunst meiner vi her dei materielle kunstformene som har utvikla seg særleg i norske bygder fram mot vår tid.
Hovudemna i studiet:
• Historiske fag 12 stp
• Fagdidaktikk 6 stp
• Estetiske fag 12 stp
• Verkstadfag 30 stp
Arbeids- og undervisningsformer:
Hovudsakeleg verkstadarbeid med mykje individuell rettleiing. Studieåret er delt inn i prosjektperiodar. Undervisninga er stort sett lagt til faste vekedagar, men kan i periodar bli meir konsentrert. Det blir arrangert ein lengre obligatorisk studietur. Dei siste 10 vekene av studieåret blir brukt til ei årsoppgåve.
Yrke/vidare studium:
Fleire tidligare studentar frå Institutt for folkekultur i Rauland jobbar med undervisning i ulike skuleslag, og noen kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning og ein bachelorgrad. Studiet kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.
