Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Studiested Rauland / Tradisjonskunst, master

Tradisjonskunst, master

Faginnhald:

I dette 2-årige mastergradsstudiet kan du velje om du vil arbeide med folkemusikk eller folkekunst. Studiet har ein utøvande profil. Målet er at du skal bli ein god utøvar innan folkekunst eller folkemusikk. Samtidig får du innsikt i tradisjonskunstens vilkår og kan reflektere kritisk over korleis den blir tatt vare på, brukt, vidareført, fornya og tolka i ulike miljø. Studiet består av innføringsemnet og mastergradsprosjektet.

Delemna i studiet:

• Innføringsemnet på 30 stp omfattar:

1. kultur og identitet

2. kunstteori og folkekunst

3. tradisjon, kommunikasjon og formidling

4. vitskapsteori

• Mastergradsprospektet 30 stp.

• Mastergradsprosjektet 60 stp.

 

Arbeids- og undervisningsformer:

Mastergradsprosjektet er eit sjølvstendig arbeid under oppfølgjing av rettleiar der individuell rettleiing er viktigaste undervisningsforma. Undervisninga består av forlesningar og seminar, og rettar seg mot førebuing av mastergradsprosjektet. Det blir lagt til rettes for samlingar der studentar og lærarar kan drøfte framdrifta i prosjektplanane.

Yrke / vidare studium:

Studiet kvalifiserer for forskings- og utviklingsarbeid og kan gje grunnlag for opptak til doktorgradstudiar. Du kan arbeide i kultursektoren, i media, kunst- og kulturinstitusjonar, eller som utøvar innan folkemusikk og folkekunst/handverk.