Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Studiested Rauland / Folkemusikk II

Folkemusikk II

Faginnhald:

Folkemusikk II er eit eittårig påbyggingsstudium der du kan fordjupe deg i folkemusikken og bli i stand til å formidle den. Studiet har ein fellesdel og ein fordjupingsdel, kvar på 30 studiepoeng. Fellesdelen tek opp folkemusikken som kulturpolitisk og historisk fenomen, og i fordjupingsdelen kan du velje mellom utøvande og allmenn formidling eller arkiv og innsamlingsarbeid.

Valfag i spesialiseringsdelen:

• Folkemusikkformidling

• Arkivarbeid og innsamling

• Utøving

Hovudemna i fellesdelen:

• FoU-metodikk 3 stp

• Satslære og arrangering 6 stp

• Folkemusikkformidling 9 stp

• Folkemusikken og samfunnet 6 stp

• Tradisjonskunnskap og kjeldebruk 6 stp

Arbeids- og undervisningsformer:

Forelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium og praksisprosjekt med rettleiing. Du får individuell rettleiing innan fordjupingemne og det skriftlige prosjektarbeidet. Det er lagt inn ein obligatorisk studietur til utlandet.

Yrke/vidare studium:

Fleire tidligare studentar frå Institutt for folkekultur i Rauland jobbar med undervisning i ulike skuleslag, og noen kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning og ein bachelorgrad. Studiet kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.