Folkekunst II
Faginnhald:
Folkekunst II er eit eittårig påbyggingsstudium. Vi søkjer å bringe element frå folkekunsten inn i vår eiga tid og å lage gode samtidsprodukt. Studiet har to hovudkomponentar: Fellesdelen er ei vidareføring av grunnstudiet i folkekunst og skal gje erfaring og innsyn i formgjevande folkekunstprosessar, formidling av kultur- og tradisjonsstoff og innsyn i FoU-arbeid. I spesialiseringsdelen kan du velje mellom formgjeving/produktutvikling i tre, tekstil eller metall.
Valfag i spesialiseringsdelen:
• Formgjeving – tre, metall eller tekstil
Hovudemna i fellesdelen:
• Fagdidaktikk
• FoU-metodikk
Arbeids- og undervisningsformer:
I hovudsak verkstadarbeid. I tillegg er det forelesingar og prosjektarbeid. Det er sett av 2 veker til obligatorisk praksis i ei husflidshandverksbedrift, teikne/designbedrift, kunstindustriverksemd, museum e.l. Påbyggingsstudia i folkekunst og folkemusikk har felles studietur til eit europeisk land.
Yrke/vidare studium:
Fleire tidligare studentar frå Institutt for folkekultur i Rauland jobbar med undervisning i ulike skuleslag, og noen kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning og ein bachelorgrad. Studiet kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.
