Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Studiested Rauland / Folkekunst verkstadfag

Folkekunst verkstadfag

Faginnhald:

Dette er eit 30 studiepoengs tilbod til dei som har fullført grunnstudiet og påbyggingsstudiet i folkekunst og som ynskjer kunnskap innanfor eit nytt materialområde og eit nytt handverk. Du kan velje mellom materialområda tre, metall og tekstil. Du tileigner deg kunnskap og ferdighetar ved å arbeide med formgjeving av gjenstandar som har feste i lokal formkultur. Gjennom teori og praksis får du ein heilskapeleg forståing av lokal folkekunst.

Delemna i studiet:

• Valfritt tema i eksamenoppgåve

• Dekor

• Form og funksjon

• Materiale og teknikk

Arbeids- og undervisningsformer:

Veksling mellom forelesningar, prosjektarbeid, individuell rettleiing på verkstad, seminar, kurs og og ekskursjonar. Undervisninga er stort

sett lagt til faste vekedagar, men kan i periodar bli meir konsentrert. Det blir arrangert ein lengre obligatorisk studietur.

Yrke/vidare studium:

Fleire tidligare studentar frå Institutt for folkekultur i Rauland jobbar med undervisning i ulike skuleslag, og noen kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning og ein bachelorgrad. Studiet

kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.