Folkemusikk, bachelor
Faginnhald:
Bachelorstudiet i folkemusikk er sett saman av Folkemusikk I, FolkemusikkII og eit tredje studieår. Det tredje året kan du ta ved Institutt for folkekultur i Rauland, en annen avdeling ved HiT, eller ein annan høgskole eller universitet. Grunnfag i humanistiske fag og samfunnsfag eller eitt år i utlandet er også alternativer i tredje studieår.
1. år
• Hovudinstrument/praktisk utøving
• Kulturhistorie
• Folkemusikken og samfunnet
• Høyrelære
• Tradisjonskunnskap
• Folkemusikkteori
2. år
Valfag i spesialiseringsdelen:
• Folkemusikkformidling, arkivarbeid og innsamling eller utøving
Hovudemna i fellesdelen:
• FoU-metodikk 3 stp
• Satslære og arrangering 6 stp
• Folkemusikkformidling 9 stp
• Folkemusikken og samfunnet 6 stp
• Tradisjonskunnskap og kjeldebruk 6 stp
3. år
Tredje studieår kan vere eit anna studium på HiT, ein annan norsk studiestad eller i utlandet.
Arbeids- og undervisningsformer:
Forelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium. Du får individuell rettleiing på hovudinstrument og prosjektarbeid.
Yrke/vidare studium:
Fleire tidligare studentar frå Institutt for folkekultur i Rauland jobbar med undervisning i ulike skuleslag, og noen kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning og ein bachelorgrad. Studiet kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.
