Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Studiested Rauland / Folkemusikk I

Folkemusikk I, årsstudium

Faginnhald:

Dette studiet er eit tilbod til ungdom og eldre med spesiell interesse for folkemusikk. Studiet gjev teoretisk og praktisk innføring i norske folkemusikktradisjonar og legg vekt på å utvikle forståing for den rike variasjonen i form og funksjon. Det blir undervist i tradisjonelle instrument som hardingfele, fele, fløyte og song. Folkemusikk I er ein grunnutdanning der du kan byggje på den kulturelle bakgrunnen din. Vi prøver å oppfylle studentane sine ynskjer når det gjeld val av hovudinstrument.

Hovudemna i studiet:

• Hovudinstrument/praktisk utøving

• Kulturhistorie

• Folkemusikken og samfunnet

• Høyrelære

• Tradisjonskunnskap

• Folkemusikkteori

 

Tilbod til utøvarar:

Særleg dyktige utøvarar vil få høve til å velje lærar på hovudinstrumentet frå instituttet eller utanfor instituttet (spelemenn/kvedarar). Utøvarane får fleire timar med undervisning på hovudinstrumentet. For å få rett til dette, må utøvaren vise tilstrekkeleg dugleik gjennom ei opptaksprøve tidleg i haustsemesteret (august).

Arbeids- og undervisningsformer:

Forelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium. Du vil også få individuell rettleiing på hovudinstrument og i prosjektarbeid.

Yrke/vidare studium:

Fleire tidligare studentar frå Institutt for folkekultur i Rauland jobbar med undervisning i ulike skuleslag, og noen kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning og ein bachelorgrad. Studiet kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.