Folkemusikk
Folkemusikk
Studentane kan velge om dei vil ta eitt-, to-, eller tre-årig studium i folkemusikk. For å kome inn på grunnstudiet er det krav om generell studiekompetanse, men om ein har ein musikalsk bakgrunn og manglar studiekompetanse, kan ein likevel søkje om å bli student.
Grunnstudiet gjev ein generell teoretisk og praktisk innføring i norsk folkemusikk. Studentane får individuell opplæring på hovudinstrument (song/spel) av lærarar ved studiet. Lærarane er folkemusikkutøvarar.
Påbyggingsstudiet gjev studentane høve til å fordjupe seg vidare i folkemusikken. Studentane kan velge å studere innan tre fordjupningsområde: som folkemusikkutøvar, som formidlar av folkemusikk eller å arbeide med arkiv og innsamling.
