Inntekt og formue - høgare utdanning
Stipendet du får utbetalt, er ikkje endeleg fastsett når du får pengane, eller når eksamen er bestått. Alle blir automatisk kontrollerte når likninga er ferdig, det vil seie eitt til to år etter at du fekk pengane.
Informasjonen på denne sida gjeld for alle utan dei som er i vanleg vidaregåande opplæring.
Med personinntekt meiner vi brutto inntekt, som blir bestemt av skatteetaten. Trygd inngår også i personinntekta.
Personinntekt er summen av:
- all skattepliktig brutto arbeidsinntekt
- alle skattbare trygde- og pensjonsytingar
For å halde på maksimalt stipend må du ikkje ha personinntekt over desse grensene:
| År |
Ved støtte heile kalenderåret |
Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår* |
| 2004 |
kr 104 500 |
kr 261 250 |
| 2005 |
kr 108 680 |
kr 271 700 |
| 2006 |
kr 113 027 |
kr 282 568 |
| 2007 |
kr 116 983 |
kr 292 458 |
| 2008 |
kr 122 247 |
kr 305 618 |
| *Økt inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som har ei varigheit på sju månader eller mindre i eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget. |
Utdanningsstipendet og forsørgjerstipendet blir redusert med fem prosent per månad av det beløpet som er over grensene.
Vi ser bort frå eventuelle bidrag som du eller barna dine får.
Tek du deltidsutdanning, gjeld same inntektsgrenser som for fulltidsutdanning. Du vil likevel få ein mindre reduksjon av stipendet, alt etter kor mange prosent deltid du tar. Studerer du til dømes 50 prosent deltid, får du berre halvparten av trekket som ein fulltidsstudent ville fått.
Lånekassen ser bort frå kapitalinntekter, som til dømes:
- renter av bankinnskot
- inntekt ved utleige av fast eigendom utanom næring
- aksjeutbytte, skattepliktig gevinst ved sal av aksjer og verdipapirfond
- inntekt frå utlandet
Er du sjølvstendig næringsdrivande, blir personinntekta fastsatt etter eigne reglar. Det er skattemyndigheitene som forvalter desse reglene og som fastsetr personinntekta til sjøvstendige næringsdrivande. Les meir på www.skatteetaten.no.
For å halde maksimalt stipend må du ikkje ha nettoformue over desse grensene:
| Kalenderår |
For ensleg søkjer |
Samla for søkjer og ektefelle/ sambuar med felles barn |
| 2004 |
kr 206 910 |
kr 397 100 |
| 2005 |
kr 215 000 |
kr 413 000 |
| 2006 |
kr 223 600 |
kr 429 520 |
| 2007 |
kr 231 426 |
kr 444 553 |
| 2008 |
kr 241 840 |
kr 464 558 |
Har du formue som er større enn frigrensene i tabellen over, blir stipendet ditt redusert. Er du einsleg, blir stipendet ditt redusert med to prosent per månad av den delen av formua som er over frigrensene. Er du gift, registrert partner eller samboer med felles barn, blir stipendet ditt redusert med en prosent per månad av den delen av formua som er over frigrensene.
Kva skjer om du går over frigrensene?
Stipendet ditt blir redusert med fem prosent per månad av den inntekta som er over fribeløpet. Av den delen av formua som er over fribeløpet, blir stipendet redusert med ein eller to prosent per månad. Fribeløpa finn du lenger opp på sida.
Det du har fått for mykje i stipend, blir gjort om til lån, men vi krev ikkje at du skal betale det tilbake før du skal begynne vanleg tilbakebetaling av studielånet. Utdanningsstipendet blir redusert først, deretter eventuelt forsørgjerstipend.
Det er likningsopplysningane for den perioden du har fått støtte som gjeld. Opplysningane blir overført frå skatteetaten.
Eksempel - personinntekt: Dersom du tener 150 000 kroner i 2006, og har fått støtte i ti måneder, blir ca. 18 500 kroner av stipendet ditt gjort om til lån (fribeløpet er på 113 027 kroner).
Eksempel - formue: Dersom du er einsleg og har formue på 250 000 kroner i 2006, vil du få stipendet redusert med 528 kroner per månad (2 prosent per månad av formue over fribeløpet på 223 600 kroner). For eit vanleg skoleår på 10 månader blir stipendet redusert med 5 280 kroner.
Eksempel - trygd: Dersom du får 80 000 kroner i trygd i 2006, blir ca. 10 000 kroner av stipendet ditt gjort om til lån (fribeløp 60 476 kroner).
Slik foregår utrekninga
(Inntekt over fribeløp x 5%) x antall måneder med støtte = omgjeringsbeløp
Dersom du er i deltidsutdanning, blir det tatt hensyn til det. Ved 50 % studiebelastning blir reknestykket slik:
(Inntekt over fribeløp x 5%) x antall månader med støtte x 0.5 = omgjeringsbeløp