Lånekassen 60 år
I dag, 1. november 2007, fyller Lånekassen 60 år. Ein viktig velferdsorganisasjon har gjort det mogleg for over to millionar mennesker å ta den utdanninga dei har lyst til.
Utviklinga i utdannings-Noreg har vore enorm og Lånekassens betydning som velferdsordning er heilt unik sett i verdssamanheng. I 1947 gav Lånekassen støtte til 2 178 studentar, i dag har 800 000 eit aktivt forhold til oss, anten som mottakarar av stipend og lån eller som tilbakebetalarar av studielån.
Lånekassen blei oppretta i 1947. Noreg trengte utdanna arbeidskraft til å bygge opp landet etter 2. verdskrig. Tilstrøyminga til høgre utdanning etter krigen var stor, sidan moglegheitene under krigen var avgrensa. Behovet for statleg utdanningsfinansiering vaks fram.
Utdanningsstøtta som blei gitt dei første åra, var rentefrie lån. Stipendordninga kom først i 1956.
Fem utfordringar til det offentlege Noreg
Direktøren i Lånekassen, Bertil Tiusanen, kjem på Lånekassens bursdag med fem utfordringar til offentleg sektor. - Det offentlige kan bli mykje betre, seier Tiusanen. Her er utfordringane:
- Betre samarbeid internt i det offentlege
- Lytt til brukarane
- Lag enkle, felles offentlege løysningar for tryggleik
- Gje brukarane rettar utan at dei trenger å søkje
- Kutt ut alle papir
Les meir om direktørens fem utfordringar her