Utveksling i vidaregåande opplæring
Informasjon på denne sida gjeld elevar som vil ta delar av vidaregåande opplæring i utlandet. Her kan du lese meir om å ta heile den vidaregåande opplæringa i utlandet.
I Norden
Vi kan gi støtte til utveksling i vidaregåande opplæring i Norden. Utdanninga må vere godkjent av landet si eiga "lånekasse". Dei fleste offentlege vidaregåande skolar vil vere godkjent.
Utanfor Norden
Utanfor Norden gir vi vanlegvis berre støtte til Vg2. Vi kan gi støtte til
- utvekslingsprogram i regi av ein godkjent organisasjon. Her finn du ei liste over organisasjonar som er godkjente for skoleåret 2007-2008.
- elevar som deltek i godkjente samarbeidsprosjekt mellom norske vidaregåande skoler og utenlandske skoler. Samarbeidsprosjektet må vere godkjent av Kunnskapsdepartementet. Sjå vedlegg C til fjerde del av forskriftene.
- studieopphald på minst tre månader gjennom LEONARDO-programmet. Er opphaldet kortare enn tre måneder, kan du behalde støtta du får til vidaregåande opplæring i Noreg. Du treng ikkje søkje spesielt om det.
- elevar i yrkesfagleg retning som tek utanlandsopphald i kortare eller lengre tid, og som får godkjent utdanninga. Sjå vedlegg D til fjerde del av forskriftene.
Ver merksam på at det ikkje blir gitt støtte til kurs på Vg1-nivå.
Les meir i §§ 35-4−35-5 i fjerde del av forskriftene.
Slik søkjer du
Du skal bruke blankett A, som du sender direkte til Lånekassen, Postboks 36 Kalbakken, 0901 Oslo med desse vedlegga:
- Stadfesting frå skolen din i Noreg som viser om at opplegget blir godkjent som Vg2 og ikkje fører til foreinking.
- Dokumentasjon som viser kva for ein godkjent utvslingsorganisasjon som organiserer opplegget.
Dersom du reiser til USA eller Canada, må du i tillegg oppgi
- kva for delstat du skal på utveksling til. Dette har betydning for kor mykje du kan få i reisestøtte.
Elevar som deltek på godkjente samarbeidsprosjekt mellom norske og utanlandske skoler treng ikkje å leggje ved ekstra dokumentasjon, men må sende søknaden via skolen.
Dette kan du få
I Norden
Støtta til vidaregående opplæring i Norden er den same som for elevar i Noreg.
Utanfor Norden
Utanfor Norden kan du få
- grunnstipend på inntil 1 760 kroner per månad og lån på inntil 1 230 kroner per månad for bortebuarar og inntil 2 450 kroner for heimebuarar, som er det same som for elevar i Noreg
- bustipend på 3 510 kr. Du kan ikkje få bustipend dersom du bor saman med foreldrene/forsørgjarane dine der du går på skole
- reisestøtte. Kor mykje du får, kjem an på kor du skal reise. Du treng ikkje søkje spesielt om reisestøtte. Lånekassen reknar det ut på grunnlag av søknaden din
- utstyrsstipend etter satsen for det utdanningsprogrammet du følgjer i Noreg
Vi gir ikkje støtte til skolepengar for utvekslingsprogram i vidaregåande opplæring utanfor Norden.
Reisestøtte
Elevar som tek vidaregåande opplæring i land utanfor Norden, kan ha rett til reisestøtte. Du kan få tilskot til to reiser tur-retur i året mellom bustaden i Noreg og lærestaden. Tillegget blir gitt med 100 prosent stipend i Norge, og med 70 prosent som stipend og 30 prosent som lån for reiser utanfor Noreg.
Du må betale ein eigendel på 970 kroner per skoleår.
Er du over 25 år kan du ikkje få reisestipend i Norden.
- American Field Service (AFS)
- Aspect Education Norway
- EF High School Year
- Rotary International Youth Exchange
- Speak Norge
- Steinerskolen på Hedmarken
- STS High School Foundation
- Youth for Understanding (YFU)
Søknader om støtte frå elevar om utveksling gjennom andre organisasjonar, kan først bli behandla når organisasjonen har søkt om og fått godkjenning frå departementet for støtte gjennom Lånekassen.