Konsekvensar av betalingsutsetjing
Konsekvensane er ulike for betalingsutsetjing med og utan rentefritak.
Ei betalingsutsetjing - heil eller delvis - gir vanlegvis ei lengre nedbetalingstid, eller i nokre tilfelle til høgare terminbeløp seinare. Dette betyr at du samla betaler tilbake meir i renter og gebyr. Får du rentefritak samtidig med utsetjinga, blir konsekvensen for den totale summen som skal tilbakebetalast mindre eller lik null.
Har du fått lengre nedbetalingstida som følgje av ein eller fleire betalingsutsetjingar, kan du "krympe" nedbetalingstida igjen, og dermed også det totale rentebeløpet, ved å betale inn ekstrabeløp på eit seinare tidspunkt. Du kan også be om ein ny betalingsplan med høgare terminbeløp som gjer at du ikkje bruker lengre tid enn det opphaveleg plan la opp til. Dermed kan du redusere dei totale renteutgiftene.
Du kan bruke nedbetalingskalkulatoren til å sjå korleis ein eller fleire utsetjiingar slår ut på nedbetalinga av eit lån.
Døme på heile og halve betalingsutsetjingar - 2,8 %
| Lån kr 200 000 |
Nedbetalings-tid |
Effektiv rente |
Renter totalt* |
Sum innbetalt |
| Ordinær betalingsplan |
20 år 2 md. |
2,94 % |
kr 63 550 |
kr 263 550 |
| Heil utsetjing av den første terminen |
20 år 8 md. |
2,94 % |
kr 66 021 |
kr 266 021 |
| Halv utsetjing av dei to første terminane |
20 år 8 md. |
2,94 % |
kr 66 001 |
kr 266 001 |
| Heil utsetjing av dei to første terminane |
21 år 1 md. |
2,94 % |
kr 68 503 |
kr 268 503 |
| Halv utsetjing av dei fire første terminane |
21 år 2 md. |
2,94 % |
kr 68 439 |
kr 268 439 |
| Heil utsetjing av dei fire første terminane |
21 år 10 md. |
2,94 % |
kr 73 569 |
kr 273 569 |
*) Tabellen føreset ein rentesats på 2,8 prosent for heile nedbetalingsperioden. I døma er utsetjingane lagde tidleg i nedbetalinga. Konsekvensen av ei utsetjing er mindre dersom du har betalt i nokre år.
Døme på heile og halve betalingsutsetjingar - 3,6 %
| Lån kr 200 000 |
Nedbetalings-tid |
Effektiv rente |
Renter totalt* |
Sum innbetalt |
| Ordinær betalingsplan |
20 år 2 md. |
3,76 % |
kr 83 677 |
kr 283 677 |
| Heil utsetjing av den første terminen |
20 år 5 md. |
3,76 % |
kr 85 524 |
kr 285 524 |
| Halv utsetjing av dei to første terminane |
20 år 8 md. |
3,76 % |
kr 87 373 |
kr 287 373 |
| Heil utsetjing av dei to første terminane |
21 år 2 md. |
3,75 % |
kr 91 172 |
kr 291 172 |
| Halv utsetjing av dei fire første terminane |
21 år 2 md. |
3,76 % |
kr 91 070 |
kr 291 070 |
| Heil utsetjing av dei fire første terminane |
22 år 5 md. |
3,75 % |
kr 98 955 |
kr 298 955 |
*) Tabellen føreset ein rentesats på 3,6 prosent for heile nedbetalingsperioden. I døma er utsetjingane lagde tidleg i nedbetalinga. Konsekvensen av ei utsetjing er mindre dersom du har betalt i nokre år.
Døme på heile og halve betalingsutsetjingar - 4,2 % rente
| Lån kr 200 000 |
Nedbetalings-tid |
Effektiv rente |
Renter totalt* |
Sum innbetalt |
| Ordinær betalingsplan |
20 år 2 md. |
4,37 % |
kr 99 413 |
kr 299 413 |
| Heil utsetjing av den første terminen |
20 år 11 md. |
4,37 % |
kr 104 285 |
Kr 304 285 |
| Halv utsetjing av dei to første terminane |
20 år 11 md. |
4,37 % |
kr 104 285 |
kr 304 285 |
| Heil utsetjing av dei to første terminane |
21 år 5 md. |
4,37 % |
kr 109 324 |
kr 309 324 |
| Halv utsetjing av dei fire første terminane |
21 år 5 md. |
4,37 % |
kr 109 179 |
kr 309 179 |
| Heil utsetjing av dei fire første terminane |
22 år 8 md. |
4,36 % |
kr 119 723 |
kr 319 723 |
*) Tabellen føreset ein rentesats på 4,2 prosent for heile nedbetalingsperioden. I døma er utsetjingane lagde tidleg i nedbetalinga. Konsekvensen av ei utsetjing er mindre dersom du har betalt i nokre år.