Heile den vidaregåande opplæringa i utlandet

Merk! informasjonen på denne sida er ikkje oppdatert for undervisningsåret 2007-2008.

I Norden

Vi kan gi støtte til elevar i vidaregåande opplæring som er offentleg godkjent i studielandet, og som er godkjent av landet si eiga ”lånekasse”. Dei fleste offentlege vidaregåande skoler vil vere godkjent.

Utanfor Norden

Det blir vanlegvis ikkje gitt støtte til vidaregåande opplæring utanfor Norden, til dømes til High School. Vi kan likevel gi støtte til

  • elevar som følgjer foreldre/ektefelle busatt i utlandet av spesielle årsaker. Årsaka til at du skal bu i utlandet må dokumenterast. I § 35-4 i fjerde del av forskriften kan du lese meir om kva forhold det gjeld. Du må ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1.
  • elevar ved United World Colleges. Opptaket går gjennom Fylkesmannen i Vest-Agder. Gå til punkt A for å sjå kva for lærestader som er aktuelle
  • elevar ved enkelte franske lycéer. Opptaket går gjennom Fylkesmannen i Vest-Agder eller kulturkontoret ved den franske ambassaden. Gå til punkt B eller punkt D  for ei oversikt over dei aktuelle lærestadene
  • søkjarar til yrkesfagleg opplæring når tilsvarande utdanning ikkje fins i Noreg

Dette kan du få

I Norden
Støtte til vidaregåande skole i Norden er det same som i Noreg. Merk at du ikkje kan få bustipend dersom du bur saman med foreldrene/forsørgjarane dine der du går på skole.

Utenfor Norden
Støtte til vidaregåande skole i Norden er det same som i Noreg. Merk at du ikkje kan få bustipend dersom du bur saman med foreldrene/forsørgjarane dine der du går på skole.

Betalar du skolepengar i tillegg, kan du få tilskot til dekning av skolepengar når skolepengane ikkje er dekt av andre og du tek vanleg vidaregåande opplæring. Tilskotet kan bli gitt med inntil 85 prosent av skolepengane, men maksimalt 75 812 kroner for skoleåret 2007-2008.

Reisestøtte

Elever som tek vidaregående opplæring i utlandet, kan ha rett til reisestøtte.
Du kan få tillegg til to reiser tur-retur i året mellom bustaden i Noreg og lærestaden. Tillegget blir gitt med 100 prosent stipend i Noreg, og med 70 prosent som stipend og 30 prosent som lån for reiser utanfor Noreg.

Du må betale ein eigendel på 646 kroner per skoleår.

Slik søkjer du

Du må bruke blankett A, som du sender direkte til Lånekassen, Postboks 36 Kalbakken, 0901 Oslo. Du må opplyse om kva for utdanning du har frå tidlegare, og kva for opplæring du planlegg i utlandet.

Dersom det er første gang du søkjer om stipend og lån til vidaregående opplæring i utlandet, må du opplyse kva du har teke av vidaregåande opplæring frå før, og kva for opplæring du planleggjer å ta i utlandet.

Du må leggje ved dokumentasjon frå den utanlandske lærestaden på at du er teken opp til fulltidsutdanning.