eFaktura opp 100 prosent siste år
I løpet av det siste året har andelen eFaktura blant Lånekassen sine kundar auka med nesten 100 prosent, frå 55 000 til over 106 000. Dei som velr eFaktura frå Lånekassen slipp å betale varslingsgebyret på 35 kroner.
No er 25 prosent av alle varsla som Lånekassen sender ut eFakturavarsel, medan andelen for eit år sidan var 13 prosent.
Vellukka tiltak og høge mål
Lånekassen har køyrt fleire kampanjar for å få opp eFakturaandelen i 2006, blant anna ein konkurranse i samarbeid med BBS, ein e-postkampanje og profilering i Lånekassen sitt nyheitsbrev, Studielånet.
Vi har satt oss høge mål for antall eFakturabrukarar i 2006 (145 000). Det blir ei stor utfordring, for folk er tydelegvis litt redde for å ta steget ut i eit papirlaust tilvere. No verker det derimot som det er i ferd med å lausne og vi reknar med å nå måla våre for eFaktura med god margin.
